Strålande 17.mai feiring

Sola skein og mange blide born og vaksne møtte opp i toget som starta på skulen. Det blei eit fantastisk fint tog, med flag, 17.mai-komite, korps, faner, born, vaksne, bilar og traktorar. I kyrkja hadde 7.klasse barnas tale, alle elevane sang “Det går et festtog gjennom landet”, Norene Sørdal sa nokre fine ord om tollaren Sakeus. Deretter returnerte toget til skulen, der det var duka for matøkt, kiosksal, aktivitetar og konkurransar.

17.mai i 2019 var den aller siste nasjonaldagen vi feira med Finnøy som kommunenamn. Ordførar Henrik Halleland fekk æren av å vere den som heldt heldt tale på folkefesten, om kvelden. Henrik heldt ein god tale med mange historiske fakta og avslutta talen med å sitere ei brev-veksling Arne Garborg hadde hatt med ein god ven. 17.mai komiteen hadde også underholdning, sang, musikk, forslag til vegnamn, bomring og mykje anna som ein kunne le av. Det heile vart avslutta med eit heidundrande fyrverkerishow som Trond Egil Sivertsen styrte.

Under kan du sjå bilete frå toget: