Informasjon om årsmøte i Fogn Grendalag

Fogn glag.jpg

Onsdag 27. mars klokka 18.30 er det tid for årsmøte i Fogn Grendalag. Både ordførar Henrik Halleland og rådmann Karin Dokken Austvik kjem for å snakka om, og svara på spørsmål om Øyfast og samferdsel.

Rapporten der Øyfast vart utreda kom i januar, og viser igjen at dette er mogleg - det me no treng er engasjement og entusiasme! Rapporten kan de lese ved å klikke HER.

Vi kjem også til å snakke om kommuneplan for Nye Stavanger kommune, ein plan som skal gjelda frå 2019-2034. Planen, som er kort og oversiktleg, er no på høyring, og kan lesast ved å klikke HER.

Elles kan de sjå resten av innkallinga og saklista til årsmøtet ved å klikke HER.