Pressemelding om kyrkjekonsert
/Oskar Nordbø kjem til Fogn Kyrkje fre.22. nov, for å ha konsert klokka 18.30. Med seg har han bror sin, Edvard ”Borneo” Nordbø som også er songar og musikar. Når desse to opptrer saman kallar dei seg ”The Folk Brothers”. Dette er ein del av ein kyrkjeturne i Rogaland.
Oskar Nordbø arbeider for tida i ei menighet i Oslo, der han er leiar for ein kommunitet for ungdom som bl.a. driv med tidebønner og undervisning og anna menighetsarbeid. Han er også aktiv i kristent økumenisk arbeid i Oslo. Utanom er han deltids musikar, songar og låtskrivar.
Oskar har fått litt støtte til denne turneen frå Rogaland Fylkeskommune. Han har spela i mange kyrkjer i Rogaland og fått svært gode tilbakemeldingar frå folk med alle slags livssyn,og aldrar; frå konfirmanter og eldre opp mot 80 år. Dette fordi songane er melodiøse og fleirstemte og dei spelar med lågt volum. Han kallar musikke Kloster-Pop. Tekstane inneheld alt frå reint kristent innhald til andre eksistensielle spørsmål menneska i dag balar med.
Oskar har tidlegare hatt release på fleire eigne låtar, men har no fått ein større platekontrakt. Denne sommaren har han derfor vore i studioet til Morten Harkets bassist. Den første låten frå dette samarbeidet er no lansert.
Linker:
https://open.spotify.com/track/5zS9fda5FMzHWRdHfCuc5C…
Youtube: ”Amigo”: Oskar Nordbø og Georgia Follett.
https://www.youtube.com/watch?v=t1RJgB2uC1U
Spotify: ”Tired of sleeping.”
https://open.spotify.com/track/4RFxFyr34n7v8bnZRqNwlG?si=B8Wzvm-rS-KHk_qPADx_qQ
https://www.youtube.com/watch?v=2jSCdAM6BEc
Spotify: “Loneliness” - YouTube