Tid for juleverkstad hjå Thor!
/Vi er kome forbi midten av november, og då må det vera lov å byrja å tenkja litt på jula som nærmar seg. Framover mot jul vil Thor Jansen halde ope i Taubua for alle som vil laga noko, t.d. brikker, matter eller liknande. Alle som vil kan koma til taubinderiet hans, få hjelp til å laga originale gåver, og så treng dei kun å betale for det tauet dei bruker. Thor har mange idear til ting som kan lagast, og med så mange års erfaring har han også ein heil del å læra vekk.
Det er ein fordel om folk som vil nytte seg av juleverkstaden ringer Thor på førehand, for å avtala tidspunkt. Hans telefonnummer er 92 41 98 70.
Så kan vi kanskje håpe at nokon tek bilete av dei ferdige resultata og sender til Fogn.org? Vi treng sjølvsagt ikkje avsløre kven som har laga, eller kven som skal få gåva...