Avslutta med stil!

Foto: Julie Bø

Foto: Julie Bø

Fogn - Tasta 2: 4-1 (1-1). På ein blaut og tung grasbane viste Fogn seg etterkvart klart best, og vann solid mot eit Tasta-lag dei tapte 5-2 mot på bortebane tidlegare i haust.

Det såg (som vanleg) noko tynt ut i rekkene hjå heimelaget før start. Det var i utgangspunktet 14 spelarar som hadde meldt frå om at dei skulle stilla, men når to anonyme byassar les feil på ferjerutene og ein ikkje navngitt dyrlege må ut på oppdrag tett opp mot kampstart, så var plutseleg berre akkurat at vi hadde eit lag. Heldigvis rakk dyrlegen kampstart, og sidan det alltid går ei ferje til Fogn, så kom dei to siste i løpet av 1. omgang, og bidrog til at Fogn hadde ein sterk benk.

Fogn kom til eindel sjansar i løpet av dei første 20 minutta, og fekk mellom anna eit mål annulert for offside, ein offside som kun dommaren og nokre Tastaspelarar meinte var korrekt. Men berre minutter seinare var det ingen som kunne ta frå Fogn det første målet i kampen. Sondre Sandanger Sørhiem, som for øvrig til dagleg arbeider som dyrlege, kom fri på høgresida, og sette på turbofarta. Han kom inn i 16-meteren, der Tasta sin midtstoppar måtte ta i bruk ulovlege midler for å stoppe han, og dommaren peika på straffemerket. Det kunne sjå ut som om Tastakeeperen hadde gjort heimeleksa si, og studert kvar Fogn sin faste straffeeksekutør plasserer straffane sine. Det han derimot ikkje hadde full kontroll på, var kven som var kven av heimelaget sine spelarar. Då Jakob Bø overlot straffeansvaret til Sondre, som sette ballen i motsett hjørne av kva Jakob plar å gjera, gjekk i alle fall keeper feil veg, 1-0 til Fogn!

Så er det diverre ofte slik, både på høgt, og som i dette tilfellet, særs lavt nivå, at laget som nettopp har fått eit mål imot, svarar med ei rask skåring. Tastaspissen utnytta litt dårleg kommunikasjon og mangel på besluttsomhet i Fogn sitt forsvar, og kunne plutseleg spasere inn utlikninga i eit opent mål, 1-1, ei stilling som sto seg til pause.

I andre omgang var det bortelaget som starta best, og det var berre back Pål Rune Grønås si redning på streken som sto i vegen for eit leiarmål til Tasta. Men frå omlag 5 minutter av 2. omgang og ut kampen, handla det aller meste om det mørkeblå heimelaget.

2-1 skåringa kom etter at Fogn vart ståande oppe og pressa etter ein dødball. Nemnde back Grønås kom til eit farleg innlegg frå si høgreside, og Fognaspelerane sto nærast i kø for å setje ballen i mål. Ivar Opsal fekk stussa ballen vidare til Tor Olav Bø Måkestad sin pannebrask, og han lot seg ikkje be to gonger, 2-1 og vill jubel på Fogn stadion!

Den neste skåringa kom også etter innlegg frå høgresida, denne gongen ein corner frå Sondre. Jakob sitt hodestøt vart blokkert, men sonen Jørgen Bø kom til avslutning mot keeper, som måtte gi retur. Der var Anders Ronæss Hansen på rett plass til rett tid, og sette ballen i det tomme buret, 3-1!

Og som om det ikkje var nok, så gjensto fortsatt det store høgdepunktet. Anders førte ballen fram på si høgreside, og Fogn sine spelarar stupte inn i boksen. Innlegget til Anders vart likevel slått inn på omlag 20 meter. Der sto Jakob og lada venstrefoten, før han small til på heil volley. Ballen fauk som eit prosjektil inn til venstre for keeper, Jakob feira som Jûrgen Klinsmann ved å skli på magen mot publikum, 4-1!

4-1 vart også sluttresultatet i kampen, som altså var Fogn sin siste for denne sesongen. Fasiten etter endt sesong vart 14 poeng og ein sjuendeplass på tabellen. Det høyres ikkje så galt ut, men det må nemnast at det berre ver åtte lag i pulja… Det var uansett grunn til å feire, og idrettslaget serverte kake til både spelarar og frammøtte etter kampen!

Så gjenstår det berre å ynskja spelarane ein god treningsvinter og publikum hjarteleg velkomen attende til Fogn Stadion til våren!

Foto: Anders Sandanger

Foto: Anders Sandanger