Oppdatering om fiberen!

INternett.jpg

Mange lurer på korleis det går med fiberutbygginga på Fogn, og kro mange som no har teikna seg til å verta kundar. Grendalaget, ved Arnstein Bøe, har vore i kontakt med Richard Bjerga i Lyse, for å finne ut litt meir.

Richard kunne fortelja at det no er over 70 hus/hytter som har bestilt fiber på Fogn. Salet er ikkje stansa enno, men det kjem til å stansa i veka etter påske, slik at dei som er på hytta i påskeferien, og som kanskje ikkje har fått med seg at dei kan bestilla fiber, får høve til å gjere det. For å bestille fiber, er det berre å sende mail til privatfiber@lyse.no

Elles kunne Bjerga melde om at frosten i bakken har vore god, for då har gravinga gått betre, særleg i dei markene som vanlegvis er blautast. 

Bjerga sendte også med to oversiktskart, eit over nord og eit over søre delen av Fogn. Kartet viser mellom anna hovudtraseen som Lyse skal laga til. Rosa streker er det som skal gravast, tjukk blå strek skal trekkast på stolpar og grønne streker er der det no ligg røyr. Dei rosa firkantane er skåpa som folk må grave seg til for eiga rekning. Dei som er nær luftspenn må grave til næraste stolpe.

Dei tynne blå linjene viser el-traseane inn til hus og hytter. Heiltrukne linjer er nedgravd, stipla linjer er luftstrekk. 

Meir informasjon kjem til den enkelte når salet har stansa etter påske.

Klikk på lenkene under for å finne aktuelt kart:

Fogn Nord      Fogn Sør