Refleks reddar liv!

Refleks.jpg

Kvart år, den tredje torsdagen i oktober, markerer Trygg Trafikk refleksdagen over heile landet. Det har alt byrja å bli mørkt ute både om morgonen og kvelden, og refleks blir særs viktig! Difor har Fogn oppvekstsenter gjort det til ein tradisjon å dele ut refleks til både born og vaksne akkurat på refleksdagen. I tillegg har dei ekstra fokus på refleksbruk i morgonsamlingane i klasseromma og i barnehagen, og ser gjerne ein video som syner kor viktig det er med refleks. Den videoen som blir vist i år, kan de sjå ved å klikka HER.

Så vil vi oppfordra alle til å køyra forsiktig, ikkje minst utanfor skulen og langs skulevegen. Vi får kortare tid til å reagera, no når det er mørkt, så sjølv om ein alltid skal køyra forsiktig, gjeld dette ikkje minst i den tida vi no går inn i!