Klart for den 29. Fognamarsjen

Søndag 13. august ynskjer Fogn IL velkommen til den 29. Fognamarsjen.

Start frå Fogn Oppvekstsenter, mellom kl. 15.00-17.00. Marsjen går rundt øya, om lag 10 km.

Startkontingent: 100 kr pr deltaker. Max 300 kr pr familie.

Det vert høve til kjøp av brus/sjokolade ved Selvåg.  

Ved å klikke her kan du sjå oppdatert deltakerliste. Premiering kvar 5. gong ein fullfører marsjen.

 

Premiering: 

1. gong: Bronse-medalje

5. gong: Sølv-medalje

10. gong: Gull-medalje

15. gong: Elite-staup

20. gong: Enda eit staup

25. gong: Kakespade

 

Fogn IL ynskjer alle velkommen!