Seriestart for A-laget på fredag!
/Fotballbanen, som vert klippa av to robotar, ser nok finare ut enn kva den eigentleg er for tida.
Fredag 28. april startar Fogn IL sitt A-lag i fotball serien med heimekamp mot Kvitsøy. A-laget har fått gjennomført fleire nysigneringar i vinter, og det er både gamle og nye a-lagsfjes som no står registrert som spelarar i klubben. Andreas Svela gjer comeback etter fleire år i Buøy, medan Ørjan Bø Måkestad har fått nok av storbyfotballen, og vender heim til Fogn IL igjen. I tillegg er dei fire unge Fognbuane Karl Magne Frafjord, Tom Arne Straumstein, Tor Olav Bø Måkestad og Jørgen Bø registrert som A-lagsspelarar, og det vil heilt sikkert vere fleire av desse som får sin debut når serien no vert sparka i gong!
Fogn er i år i ei pulje med 10 lag, noko som betyr heile 9 heimekampar, mot berre 6 slike i fjor. Ambisjonane til laget er også i år å hamne på øvre halvdel av tabellen. Då bør gjerne Kvitsøy slås, for dei hamna bak Fogn på tabellen i fjor. Det var faktisk den same kampen som rulla i gong fjorårssesongen, og då vart sluttresultatet 2-2. Så får vi sjå korleis det går på fredag, i kampen som vert sparka i gong ca. klokka 18.45!