Viktig møte onsdag 5. april!
/Onsdag 5. april klokka 18.00-20.00, arrangerer føresette og tilsette ved Fogn oppvekstsenter eit utvida foreldremøte der organisasjonen Barnevakten kjem og har foredrag. Barnevakten er ein organisasjon som gir råd om barn og medier, noko som er aktuelt for både foreldre, besteforeldre, tanter, onklar og andre som har med barn og unge å gjere. Difor er dette møtet opent for alle vaksne, og det er særs ynskjeleg at så mange som mogleg klarar å kome seg ut denne kvelden!
Det er Kristian Berntzen frå Barnevakten som kjem og har programmet denne kvelden, i tillegg til at det vert enkel servering.
Alle er hjarteleg velkomne, så rydd kalenderen og/eller skaff barnevakt alt no :)
For Samarbeidsutvalet (SU) ved Fogn oppvekstsenter: Håvard Østhus