Nytt opplegg i gymsalen!

Etter at grendalaget fekk overta pengane som for lenge sidan var samla inn til Fogn bygdehus, gjekk det ikkje lang tid før dei hadde funne noko å investera i. Når frivilligsentralen ved Ragnhild Valand også stilte med 10 000 kroner, kunne det kjøpast inn ny og god projektor, i tillegg til eit stort lerret til gymsalen på Fogn oppvekstsenter. Tanken er at det nye utstyret skal kunne nyttast av så mange som mogleg. Alt er no montert, og bruksanvisning for korleis det nye opplegget vert nytta, heng i gymsalen. Der ligg og nødvendige kablar og fjernkontrollar, slik at ein berre må ha med ein PC, og så kan storskjermen nyttast.

Kvar veke er det Juztmove for dei i kategorien 60+ i gymsalen, frå klokka 15.15. Det er Oddny Kjølvik som står som ansvarleg for denne satsinga, men ho er ikkje instruktør på samlingane. Den oppgåva overlet ho til personar som er filma på førehand, og som vert vist på storskjermen i gymsalen. Oppkobling med både lyd og bilete, klarar Oddny å gjere på eiga hand, så lenge ho har med eigen PC.

Dersom andre av dei som lånar gymsalen vil nytta dette nye utstyret er dei velkomne til dette! Lån av gymsalen, ut over det som er avtala per i dag, må avklarast med rektor Håvard Østhus (mob: 93445913)