Interessert i betre internettlinje?
/I løpet av veke 12 vil representantar frå Fogn grendalag koma rundt på dørene i både hus og hytter på Fogn, for å få oversikt over kor mange som er interesserte i å knytta seg til eit mogleg fibernett for rask internettlinje inn/ut av huset/hytta. Fiber taklar heilt andre hastigheiter enn dei nettlinjene som finnest på Fogn per i dag, og no vil Lyse finna ut om det er marknad for å satsa på Fogn. I den aktuelle fiberrn kan Lyse levera både internett, TV og telefoni.
Dei som skriv seg opp på desse listene, binder seg IKKJE til å faktisk seie ja til tilbodet om fiber, dette er berre ei undersøking for å sjå om folk verkar interesserte eller ikkje.
Dersom representantane frå grendalaget kjem til tomt hus/hytte, så finnest det lister på Joker Fogn som folk kan skriva seg på, dersom dei er interesserte i dette med fiber.
Det kjem meir informasjon frå Lyse om mogleg fiberutbygging på Fogn, under grendalaget sitt årsmøte onsdag 29. mars klokka 18.30 på Fogn oppvekstsenter.