Jamn og spanande volleyballcup!

DSC_0136.JPG

Fredag 29.desember var det volleyballcup i gymsalen. I år var det sju påmeldte lag. Blant anna Vinnarlaget i manns minne, som i år hadde endra namnet til J.Ø United. I underkant av 100 personar møtte opp.

Fyrst vart dei sju laga delt i to puljer. Sondre Trå Sørheim og Jakob Bø presenterte kampoppsettet. Laga i dei to puljene kjempa om å få spele semifinalar. Då måtte ein bli anten ein eller to i pulja. Gruppe A (som bestod av fire lag) skulle spele eit sett til 15. Gruppe B skulle spele eit sett til 25. I semifinale skulle det spelast tre sett til 15, og i finalen tre sett til 25.

Det var god stemning i hallen og Ingolf fekk både medspelarar, motspelarar og publikum til å humre og le, då han skjelte ut taket i gymsalen for å vere altfor lågt! 

Gruppespelet endte slik:

Gruppe A:

  1. Finnøy&Co              6
  2. Lundal bacon          6
  3. Østhusane.              6 
  4. Ungdomslaget.       0

Gruppe B:

  1. Studentane             6
  2. J.Ø United.              3
  3. YNWA                     0

 

I semifinalen møttes Finnøy&Co og J.Ø United. Finnøy&Co vant begge setta. Lundal bacon slo Studentane i den andre semifinalen.

Bronsefinalen vann J.Ø United.

Lundal bacon bestod av følgjande spelarar:

  • Julie Bø
  • Jørgen Bø
  • Jakob Bø
  • Heidi Bø Sangedal
  • Sondre Trå Sørheim
  • Ingolf Harestad

Finnøy&co var sett saman av fire Finnøybuar ein Talgjebu og ein Fognbu.

Lundal bacon vann 2-1 i finalen.

Ved å klikke her kan du sjå bilete frå cupen.