Dramatisk siger då Sigve tangerte klubbrekorden!
/Fogn - Hognestad: 5-4 (3-1). Fogn gjorde det nesten unødvendig spanande då dei tok tre poeng i kampen kor Sigve Bø tangerte klubbrekorden i talet på kampar, med 329!
I mange år er det Berge Sandanger som har regjert åleine på trona på A-laget sin adelskalender, med sine 329 kampar. Men fredag 2. september tangerte Sigve Bø rekorden i ein særs dramatisk heimekamp!
Men det byrja på ingen måte dramatisk, heller nærmare koseleg, då spelande trenar, Jakob Bø, tok mikrofonen før kampstart, for å seie nokre fine ord til Sigve. Sistnemnde fekk ikkje berre fine ord, men også blomar og to drakter det sto "Sigve Bø - 25 sesonger" på. Ei drakt til seg sjølv, og ei til dottera! Sigve var ikkje snauare enn at han ikledde seg tok på seg drakta med ein gong, og spelte heile kampen i den.
På den blaute og tunge banen fekk Fogn ein sjelden pangstart med eit tidleg mål etter berre tre minutter. Jakob Bø chippa ballen gjennom til lynraske Sergej Kononov, som ikkje gjorde nokon feil åleine med keeper, 1-0!
Etter dette heldt Fogn fram med å pressa, men Hognestad var også farleg frampå ved nokre anledningar. Det var også dei som skulle få det neste målet, etter at bortelaget sin spiss fekk vende opp inne i 16-meteren, og plassere ballen lågt i mål, 1-1.
Men resten av omgangen handla det meste om Fogn, som fekk både sjansar og mål i fleiral før dommaren bles av til pause. Først var det litt klabb og babb i feltet, før Malvin Skartveit fekk lagt ballen til rette for Håvard Østhus, som sendte Fogn opp i leiinga med venstrefoten, 2-1!
Ikkje lenge etter kasta ein Hognestadforsvarar tilbake til eigen keeper, som plukka ballen opp med hendene. Regelen som seier at dette ikkje er lov, er gammal, men det verka ikkje som om Hognestadspelarane kjente til den. Dommaren gjorde det einaste rette, og dømte indirekte frispark til Fogn, omlag 7 meter frå mål. Det kunne nesten sjå ut som om Fogn hadde trent på denne typen frispark, for måten Jakob Bø finta pasning framover, før han brukte sålen til å trille ballen til Johannes Hovda jr, som dundra ballen i nettaket, såg rett og slett vakker og innøvd ut, 3-1!
I pausen var det som vanleg fokus på at "denne kampen er ikkje avgjort enno", og utover i andreomgang skulle det vise seg at den kommentaren var heilt på sin plass. Men det starta særs godt for Fogn, også i denne omgangen. Etter ca. 10 minutter slo Kristoffer Runestad eit flott innlegg over forsvaret og til Håvard Østhus, som styrte inn 4-1 leiinga til Fogn!
Men Hognestad gav seg ikkje. Eit innlegg frå deira venstreside vart kontant heada i mål til 4-2. Men ikkje lenge etter trudde nok dei fleste at kampen var avgjort, ein gong for alle. Sergej Kononov sette fart på venstresida, og la inn til spissmakker Håvard Østhus, som hadde ein nokså enkel jobb med å sette inn sitt tredje mål for dagen, 5-2!
Så kan ein seie mykje om syting og klaging frå bortelaget sine spelarar og trenar, men kampmoralen skal dei så definitivt ha for. Sjølv på stillinga 5-2 var det 100% innsats, noko som raskt gav resultater. Først då ein retur frå keeper Trond Egil Sivertsen vart heada i mål, og deretter på eit frispark som nemnde Trond Egil berre fekk fingertuppane på, slik at ballen gjekk på innsida av nettveggen. Plutseleg sto det 5-4, og det var framleis nokre minutter igjen av kampen... Fogn hadde gjort fleire bytter, slik at mellom anna debutanten Olav Magnus Måland fekk sine første minutter på A-laget. Olav Magnus, med si fart og sitt gode venstrebein, var ein av faktorane som gjorde at Fogn likevel kunne jubla for tre poeng då dommar Osvald Høyland endeleg bles av kampen, etter eit sterkt press frå bortelaget mot slutten!
Etter kampslutt vart Sigve igjen feira, denne gongen gjennom ei innkjøpt kake med påskrifta: "Sigve Bø - Klubblegende - 25 Sesonger - 329 Kamper". Kaka metta både spelarar og publikum, som hadde god tid til å "drøsa" om den spanande kampen medan haustmørket sakte la seg over Fogn stadion!
Denne viktige sigeren mot tabellnabo Hognestad, sender Fogn opp på 3. plass på tabellen, i alle fall i skrivande stund. No er det slik at dei to topplaga, Voll 2 og Lura 2, er i ein klasse for seg, så 3. plass må vere det realistiske målet for Fogn denne sesongen!
Jørgen Bø knipsa bilete både før, under og etter kampen. Sjå serien med bilete under kampfakta.
KAMPFAKTA
Fogn sine mål: Håvard (3), Sergej, Johannes
Fogn sine assists: Jakob (2), Malvin, Kristoffer, Sergej
Gule kort: Sigve og Johannes
Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Andreas Hagenes Bøe
Ivar Opsal
Sigve Bø
Martin Østhus
Ole Jakob Kjølvik
Jakob Bø
Johannes Hovda jr
Malvin Skartveit
Sergej Kononov
Håvard Østhus
Benytta reservar:
Kristoffer Runestad
Olav Magnus Måland
Vadim Rukmans
Ørjan Klev Ladstein