Mange fann "gull" på solidaritetsaksjonen!

Det var nok ikkje alle som studerte "loppene" så grundig som Dag Olav Sæbøvåg (biletet), men likevel var det mange som fann noko dei ville ha både på loppemarknaden, og elles på dei ulike stasjonane under årets solidaritetsaksjon på Fogn oppvekstsenter!

I år samla elevane inn pengar til born i Laos, slik at desse skal få kunne gå på skule, akkurat slik som borna i Noreg får lov til. Og det sto ikkje på kreativiteten til elevane når det gjaldt måtar å samla inn pengar på! Nytt av året var både spøkelseshus og "bottleflip", i tillegg til at dei hadde leita fram lykkehjulet som vanlegvis berre vert brukt på 17. mai. I tillegg var det "gamle slagarar" som "Hud og hår", loppemarknad, sal av ymse ting, loddsal og sal av mat, kaker og kaffi. Barnehagen var òg på butikken tidlegare torsdag, og solgte lappar i anledning aksjonen. Til saman kom det inn 20 166 kroner til borna i Laos, ny innsamlingsrekord for aksjonen, og første gong over 20 000 kroner!

Stemningen var særs god i både førebuingar og under sjølve aksjonen, noko som best kan beskrivast gjennom bileta i serien under: