Surt bortetap i lokalderbyet

Bilde 04.05.15, 19.54.41.jpg

Finnøy - Fogn: 3-1 (1-0) Sesongens første av heile fire møter med dei raudkledte frå naboøya Finnøy endte med 3-1 tap for Fogn. No skal det seiast at dette nok var det vanskelegaste oppgjeret av dei fire, men likevel er det surt å tape slike kampar som dette.

Fogn møtte for ein gongs skuld tidleg opp til kamp, og var nokså gode og varme då laga kom gåande inn på banen, alle spelarane hand i hand med kvar sin unge fotballspelar frå Finnøy sine aldersbestemte lag. Når det i tilllegg kom mykje folk på den nysnekra tribunen, så var det ei god ramme rundt det prestisjefylte oppgjeret. 

Fogn starta friskast og budde nærmast på Finnøy sin banehalvdel dei første minuttene av kampen. Etterkvart tok Finnøy meir over, og hadde nokre fine kombinasjonar på høgresida, og det var nettopp ein slik fin kombinasjon som skulle føre til det første målet. Finnøy kom seg rundt på høgresida, og slo inn på bakerste stolpe der Talgjebuen Håkon Kavli hadde sprunge seg fri, og kunne sette inn 1-0 til vill jubel frå heimelag og tilskodarar.

Etter dette var det Fogn som fekk den største sjansen før pause, då Johannes Hovda slo eit presist frispark frå høgre. Ole Jakob Kjølvik var konge i lufta og heada ballen like til side for mål. Keeper var utspelt, så hadde den gått innanfor stengene ville det stått 1-1, men no gjekk altså Finnøy til pause med 1-0.

I andreomgang løya medvinden, som hadde blåst Finnøy sin veg i førsteomgang. Ingen av laga klarte å skapa dei store sjansane, før Finnøy fekk frispark omlag 30 meter frå mål. Frisparket var godt slått, og keeper Trond Egil Sivertsen måtte gi retur. Der dukka Halsnøybuen Anders Eike opp og smalt inn 2-0 opp i nettaket.

Fogn såg etterkvart nokså resignerte ut, og då 3-0 målet kom, var det fleire Finnøyspelarar som sto å kør for å skåra. Til slutt var det nok ein Talgjebum, Per Steinsland, som kriga inn Finnøy si siste skåring. Ingen Finnøybuar teikna seg på skåringslista altså.

Mot slutten av kampen fekk Fogn sitt trøstemål. Fognaspiss Daniel Hagen snappa opp eit dårleg tilbakespel mot Finnøykeeperen, runda han, og sette ballen i det tomme målet frå 17-18 meter, 3-1, noko som også vart sluttresultatet.

Finnøy sin trenar, Heinz Jurgen Oeynhausen, hadde på førehand snakka om at Finnøy spelte fotball, i motsetning til Fogn som berre kriga. Det såg ikkje ut som om desse orda hadde festa seg i hans eigne spelarar, for det var heimelaget som jamnt over var tøffast i duellane og brukte mest tjuvtriks. Då dommaren ikkje slo hardt ned på dette førte det til at fleire av dei blåkledde også måtte ty til fysikken. Likevel vart det ingen raude kort eller straffar i oppgjeret, berre nokre gule kort til begge lag. 

Sjølv om Fogn ikkje gjorde nokon god figur i denne kampen må ein hugsa på at Finnøy i sin førre heimekamp slo 5. divisjonslaget Storhaug 6-0 i Rogalandscupen. Heilt svart er det altså ikkje etter 3-1 tapet, og dei blåkledte ser no fram mot heimekampen mot Finnøy 1 og dei to kampane mot Finnøy 2 med forventning om å få med seg nokre poeng i desse kampane.

KAMPFAKTA

Fogns sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Sigve Bø
Ivar Opsal
Olav Østhus
Rasmus Robson Skartveit
Jakob Bø
Johannes Hovda
Ole Jakob Kjølvik
Håvard Østhus
Ørjan Bø Måkestad

Benytta reservar:
Rolf B. Østhus
Daniel Hagen
Malvin Skartveit
Lars Olav T Bøe
Ørjan Klev Ladstein
Andreas Hagenes Bø

Fogn sitt mål:
Daniel

Fogn sine gule kort:
Johannes
Rolf

 

Foto: Julie Bø