Snudde til heimesiger!

Fogn sine tremålskårarar: Håvard, Ørjan og Sergej

Fogn sine tremålskårarar: Håvard, Ørjan og Sergej

Fogn - Austrått 3: 3-2 (0-0). Då Austrått gjekk opp i leiinga 2-1 berre eit kvarter før slutt, var det nok ikkje mange av dei frammøtte tilskodarane som hadde stor tru på tre heimepoeng denne fredagskvelden. Heldigvis ville det blåkledte heimelaget det annleis!

Etter det sviande bortetapet mot Orstad var Fogn fast bestemt på å vise seg frå ei betre side i årets første heimekamp. Rett nok hadde eindel Fognaspelarar meldt forfall før kampstart, men troppen på 15 mann skulle likevel kunne være sterk nok til å slå Austrått, som tapte sin første seriekamp heime mot FInnøy.

Kampen starta særs jamnt, og det vart fort klart at dette var to nokså like gode lag. Fogn var likevel hakket meir komfortable på den våte og lett humpete banen, og kom til fleire store sjansar i 1. omgang, utan at det resulterte i skåringar. 

I pausen var tonen klar: Dette er eit lag vi kan og skal slå! Det var også Fogn som hadde eit lite overtak i byrjinga av den andre omgangen, og det var difor ikkje ufortent at dei fekk det første målet denne kvelden. Johannes Hovda slo ein ball framover på høgresida av Austrått sin banehalvdel. Sergej Kononov lot ballen gå mellom beina, og så var Håvard Østhus plutseleg åleine med keeper. Han kunne trilla ballen enkelt i næraste hjørne, 1-0!

I og med at Fogn hadde meir eller mindre styrt kampen til no, skulle ein gjerne tru at dette var tre trygge poeng, men det gjekk ikkje bortelaget med på. Dei skulle nemlig ikkje skåre ein, men to gonger på kort tid! Utlikninga kom etter ei god kontring der ballen til slutt vart slått over på venstresida og sett i mål via keeper Trond Egil Sivertsen. Deretter kom det andre målet nokså kjapt, etter ei glimrande enkeltmannsprestasjon, også denne gongen på bortelaget si venstreside. 

Då Fogn låg under 2-1 og det var eit kvarter igjen av kampen, gjorde spelande trenar Jakob Bø eit par grep som skulle visa seg å vera matchavgjerande. Ole Jakob Kjølvik, som hadde kome for seint til kampen pga eit seint fly frå Oslo, vart sett inn på høgresida, og formasjonen vart lagt om til 3-4-3. 

Kort tid etter fekk Fogn eit frispark langt framme i banen på høgresida. Jakob slo frisparket raskt til Ole Jakob, som akkurat rakk å slå inn foran mål før ballen gjekk over dødlinja. Keeper fekk slått ballen ut i feltet, men der sto berre ein annan innbyttar, Ørjan Klev Ladstein, og sette ballen kontant i mål med venstrefoten, 2-2!

No var det Fogn som hadde fått blod på tann, og då heimelaget fekk frispark omtrent på hjørnet av Austrått sin 16-meter, var det mange som kjente lukta av mål i lufta. Johannes tok oppstilling, og curla ballen så langt opp i venstre kryss at den traff stanga og spratt inn igjen foran mål. Der var Sergej Kononov vakent frampå, og sette ballen i det tomme buret, 3-2, og Fogn hadde snudd kampen!

Dei siste minuttene prøvde Fogn i stor grad å trygga leiinga, noko dei klarte, men berre såvidt. For tredje gong i kampen kom det ein stor sjanse frå Austrått si venstreside, og berre ein god Trond Egil Sivertsen hindra utlikning for bortelaget, noko som ville vore ein gedigen nedtur etter den utviklinga som kampen hadde fått.

Då dommaren bles i fløyta, vart det stor jubel frå både heimelag og publikum! Å vinna årets første heimekamp, og å gjera det på denne måten, kan vera viktig for heile resten av sesongen, og ikkje minst viktig inn mot neste kamp, bataljen borte mot Finnøy 1, måndag 4. mai klokka 20.00!

KAMPFAKTA

Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Ivar Opsal
Sigve Bø
Pål Rune Grønås
Håvard Østhus
Johannes Hovda
Jakob Bø
Lars Olav Bøe
Sergej Kononov
Malvin Skartveit

Benytta innbyttarar:
Ørjan Klev Ladstein
Ole Jakob Kjølvik
Andreas Hagenes Bøe
Harald Østhus

Fogn sine mål:
Håvard Østhus
Ørjan Klev Ladstein
Sergej Kononov

Fogn sine assists:
Johannes Hovda x 2
Ole Jakob Kjølvik

Gule kort: Ingen!