Knallstemning då VM, og tippekonken vart avslutta!

Søndag 1. mars inviterte Fogn IL til VM-5-mil på storskjerm og open gymsal for dei som heller ville VERE aktive, framfor å SJÅ PÅ aktive. I tillegg var det servering av lappar, frukt, chips, kaffi og sjokolade, så det var berre å leggje turen til oppvekstsenteret etter søndagsmiddagen!

Omlag 30 personar møtte opp og laga god stemning både foran storskjermen og i gymsalen! Framsidebiletet i denne saka er knipsa omlag 2 sekunder etter at Petter Northug har gått i mål og vunne sitt fjerde gull i Falun, og slik sett gitt Noreg ein perfekt avslutning på eit fantastisk meisterskap!

Når meisterskapet er slutt, er også Fogn.org sin tippekonk over. Her var det til slutt Karl Magne Frafjord som trakk det lengste strået, og vann med 86 poeng, rett foran Julie Bø som hadde 85 poeng. Karl Magne fekk eit velfortent bevis på sigeren, ei innramma resultatliste som syner at han var betre enn 48 andre personar til å tippa norske resultater i ski-VM! 

Den endelege resultatlista i vår VM-konkurranse finn du ved å klikka HER.

Dei to kongane i årets VM på ski, Petter Northug og Karl Magne Frafjord, side om side.

Dei to kongane i årets VM på ski, Petter Northug og Karl Magne Frafjord, side om side.