"Ut og eta" på Fogn i helga?
/Ein gong i året er det mogleg å gå "ut og eta" på Fogn. Det er når helselaget arrangerer sundagskafè på Fogn oppvekstsenter, og årets "happening" går av stabelen sundag 22. februar frå 13.00-15.00. I år er det skinkesteik med surkål, kjøttkaker med ertestuing og pøler i brød som står på menyen. I tillegg melder Reidunn Østhus i Fogn helselag om at det vert eit variert dessertbord og kaffi.
Prisane vert:
150 kr per person for middag
50 kr for born under skulealder (middag)
20 kr for pølse i brød
500 kr er makspris per familie
Alle er hjarteleg velkomne til å gå ut og eta på sundag!