Tipp norske resultater i ski-VM 2015!
/19. februar er det første konkurransedag under ski-VM 2015, som dette året vert arrangert i Falun i Sverige. At nordmennene kjem til å gjera det betre enn svenskane på deira heimebane er jo kjekt i seg sjølv, men all erfaring viser at VM vert enno kjekkare om du blir med på Fogn.org sin tippekonkurranse!
No er det ikkje dei store premiane som står på spel i tippekonkurransen, berre spør vinnar av fotball-vm-tippinga 2014, Olav Østhus. Her handlar det mykje om heider og ære, men heider og ære er jo ikkje til å kimsa av...
På Fogn.org sin tippekonkurranse skal du tippe på alle øvelsane der Noreg har deltakarar. Du skal tippe kva som vert den beste norske plasseringa, og kva for norsk utøvar som gjer det best. Du får 3 poeng for rett utøvar, og 2 poeng om du tipper rett plassering (medalje, 4.-6. plass eller 7. plass el. dårligare). I tillegg får du 3 ekstrapoeng om du tipper nøyaktig rett medalje (gull, sølv eller bronse).
Alle som deltek vil få tilgong til alle innsendte svar, og resultatlista i tippekonkurransen vil verta oppdatert gjennom heile meisterskapet. Frist for innlevering er torsdag 19. februar klokka 12.59, men lever gjerne svar i god tid før dette...