Første bortesiger sidan september 2010!

 Matchvinnar Ørjan og straffereddar Trond Egil jublar for Fogns sterke bortesiger, tysdag kveld.

Matchvinnar Ørjan og straffereddar Trond Egil jublar for Fogns sterke bortesiger, tysdag kveld.

Randaberg 3 - Fogn IL: 1-2 (1-1). Tysdag kveld gjorde A-laget til Fogn IL noko dei ikkje har gjort på nesten 4 år; vann ein bortekamp i serien! Og det måtte faktisk ein Finnøybu til for å avgjere kampen mot dei svartkledde frå Randaberg!

Ikkje sidan 2-0 sigeren mot Vidar 2, 20. september 2010, har Fogn tatt med seg alle poenga heim etter ein bortekamp i serien. Eit og anna uavgjortresultat har det jo vorte, men i fjor var det faktisk berre tap då Fogn spelte vekke frå tomatøya. No kom dei blåkledde rett nok frå ein overbevisande 3-0 siger heime mot Mastra 2, og Randaberg 3 hadde berre eit poeng etter tre spelte kampar, men likevel var det ikkje gjort at dette skulle verta ein klar B på tippekupongen (no kjem nok aldri Fogn til å hamne på ein slik kupong, men det passa så fint inn i denne samanhengen...).

Kampen på Randaberg var berre to minutter gamal då Randaberg fekk straffespark, etter at Martin Østhus hadde vore vel røff med ein motstandar i feltet. Straffa var velplassert ute til venstre, men eit tigersprang frå keeper Trond Egil Sivertsen redda skotet, slik at stillinga framleis var 0-0.

Omlag eit kvarter seinare løsna straffeskytaren nok eit skot, denne gongen frå distanse. Skotet traff nokså midt på Trond Egil, som vart blenda av den låge sola, og slapp skotet forbi seg til 1-0 til heimelaget.

Etter dette tok Fogn meir over, sjølv om dei ikkje briljerte på nokon måte. Martin Østhus var friskt framme på venstrekanten ved eit par høve, og vart til slutt meia ned av ein forsvarar slik at Fogn fekk frispark i innleggsposisjon. Martin slo inn ballen sjølv, mot Olav Østhus som fekk kriga den vidare til Håvard Østhus som sto på bakerste stolpe, og kunne breiside inn utlikninga frå 3 meter, 1-1!

Uavgjortresultatet sto seg til pause, der Fogn fokuserte på å ikkje dette saman, slik laget har gjort i siste halvdel av kampen ved andre høve. I dei første 10 minutta av andreomgang såg det ikkje ut til at bortelagets spelarar hadde forstått det som vart sagt i pausen, for det var Randaberg som styrte kampen, men utan å kome til dei store sjansane. Etterkvart, som i første omgang, tok Fogn meir og meir over, og hadde heilt klart overtaket dei siste 30-35 minuttene av kampen. Bortelaget kom til fleire sjansar, og Randaberg måtte ved fleire høve ty til ufine triks for å hindre Fogn i å kome gjennom forsvaret. Dei fekk betalt i eindel gule kort, og 10 minutter før slutt fekk ein av deira spelarar sitt andre gule for dagen, og måtte forlate banen. Fogn storma framover for å få vinnarmålet, men det såg ikkje ut til å lukkast, før kampen var på overtid...

Innbyttar Daniel Hagen jobba på ein lang ball som vart spelt opp frå forsvaret til Fogn, og kom plutseleg ein mot ein mot ein Randabergforsvarar. Daniel fekk aldri avslutta skikkeleg, men ballen hamna til slutt ute til venstre på omlag 16 meter, der ein annan innbyttar, Ørjan Klev Ladstein, kom springande. Ørjan klinka til med sitt første, og Fogns siste spark på ballen, noko som førte til at den susa via nærmaste stang og vidare inn i nettmaskene, 1-2, og elleville jubelscener der Fognaspelarane låg i ein haug over matchvinnaren, som hadde skåra sitt første mål for A-laget!

Det einaste Randaberg 3 rakk etter dette, var å ta avspark, og så bles dommaren i fløyta si, slik at Fogns første bortesiger på nærare fire år var eit faktum! Sigeren fører Fogn opp på ein førebels andreplass på tabellen, to poeng foran Finnøy, som tapte 3-0 borte mot Staal Jørpeland 3 i kveld. Alt på fredag får Fogn besøk av nettopp Staal 3, i noko som vert ein toppkamp i 7. divisjon. Då satser ein på at masse folk og god stemning skal hjelpe dei blåkledde fram mot noko så sjeldant som 3 sigrar på rad. Må ein tilbake til førre årtusen for å finne ut når det skjedde sist?

Kampfakta:

Fogns lag: 

Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Ivar Opsal
Olav Østhus
Pål Rune Grønås
Rolf Østhus
Johannes Hovda jr
Jakob Bø
Lars Olav Bøe
Sergejs Kononov
Håvard Østhus

Reservar:

Kristoffer Runestad (benytta)
Daniel Hagen (benytta)
Ørjan Klev Ladstein (benytta)
Harald Østhus
Tobias Sunde

Mål: Håvard og Ørjan

Assist: Olav Ø og Daniel

Gule kort: Rolf og Jakob