Eldresenteret fekk koseleg besøk!
/Måndag 8. desember fekk brukarane av eldresenteret på Fogn koseleg besøk av ungane i barnehagen! Borna hadde kledd seg ut og laga Lucia-tog, dei hadde med seg lussekattar til utdeling, og song både "Luciasongen" og "Eit barn er født i Betlehem". Før barnehageborna forlot eldresenteret, var det også viktig for mange av brukarane å få vite kven som var foreldra til dei ulike borna, og det var mange "åja" og "det kunne eg nesten sjå" då dei fekk høyre kvar den enkelte høyrde heime.
Dette besøket er ein lang tradisjon, og etter måndagens vellukka besøk spørs det om ikkje tradisjonen kjem til å halde fram i fleire år framover også!
Under er fleire bilete frå barnehagen sin tur og besøket på eldresenteret.