Støtt ei god sak på torsdag!
/Torsdag 23. oktober klokka 11.00 åpner skulen dørene for årets solidaritetsaksjon, eller U-landsaksjon, som den årelange tradisjonen gjerne vert kalla. Då kan alle som har høve til det kome til skulen for å kjøpe middag, pølser og kaker i foajeen, i tillegg til ymse aktiviteter og sal av ting og tang i gymsalen. Som om ikkje det var nok er det sal av lappar og fisking i "fiskedam" i barnehagen.
Nytt av året er at det vil vera ein liten loppemarknad på torget i gymsalen. Her har elevane alt byrja å ta med seg ulike ting dei vil selge, og det er liten tvil om at det er fullt mogleg å gjere gode kupp her!
Aksjonen sluttar kl. 13.00, og like før aksjonsslutt vert det gjennomført trekning av ulike gevinstar som elevane har tatt med seg. Inntektene frå årets aksjon går til organisasjonen "Hei Verden" sitt arbeid for å bidra til skulegong for born i Laos. Les meir om dette arbeidet ved å klikka HER.
Velkommen til U-landsaksjon!