Vi song jula inn!

Emma Grønås syng solo med Tøff og Nådig i bakgrunnen.

Søndag 15. desember var dagen då mange på Fogn fekk skikkeleg julestemning! Då vart nemleg jula sungen inn i kyrkja, og både juletre og julesongar var på plass! Mange hadde møtt opp og fekk høyre flott song av barnekoret Tøff og Nådig, Fognakoret, Dag Olav Sæbøvåg og tvillingane Sarah og Leah Sandanger. I tillegg var det mykje fellessong, der alle songane var henta frå den heilt nye salmeboka. I denne har mellom anna Alf Prøysens "Julekveldsvise" fått plass, og organist Unni S Vignes fortalte historia bak både denne og "Du grønne glitrende tre god dag" før dei vart sungne. 

Etter seansen oppe i kyrkja var det kaffi, kaker og klementiner i kjellaren, der stemningen var stor med både pratesjuke vaksne og ungar som gjerne fekk vere oppe litt lengre enn vanleg denne kvelden...

Under er eit klipp frå då tvillingane song, og tre bilete frå kvelden.