Heiderleg cuptap for Fogn

IMG_2476.JPG

Fogn holdt stand i ein og ein halv omgang mot fjerdedivisjonslaget Skjold, men måtte til slutt ta til takke med eit heiderleg 7-4 tap mot fjorårets vinnar av Obos-cupen.

Nivåforskjellen mellom laga var tydeleg alt i god tid før kampen. For der Fognaspelerane ankom i enkle bilar og ein traktor frå 1982, kom Skjoldspelarane i ein leigd buss med sota vindauge. Bussen var såpass stor at den ikkje fekk plass på parkeringsplassen ved Fogn stadion, så det kunne tyda på at Fogn ikkje var dimensjonert for slike motstandarar. Men det viste seg å ikkje stemma, då kampen kom i gang.

Grunna divisjonsforskjellen fekk Fogn starta med tre straffar. Både Sondre Sandanger Sørheim og Jakob Bø sette sine straffar trygt i mål, medan Johannes Hovda viste litt meir storsinn mot dei langveisfarande gjestene, og sette sin straffe over mål. 2-0 før start der altså.

Skjoldlaget viste tidleg klasse og skåra 3 mål i løpet av det første kvarteret, men då Fogn fekk rista av seg sjokket, byrja dei også å kome på farlege visittar på bortelaget sin banehalvdel. Johannes Hovda var særs nære med eit langskot i stanga, og kort tid etter fekk Fogn utteling for den gode innsatsen. Jørgen Bø jakta på ein bakromspasning, og fekk til slutt pressa Skjoldforsvaret til å levere ei dårleg klarering. Denne hamna rett i beina på Håvard Østhus, som hadde ein nokså enkel jobb med å sette inn utlikninga til 3-3!

Den uavgjorte stillinga heldt seg både til pause og omlag til halvspelt andreomgang. Skjoldspelarane byrja å bli stressa og frustrerte, men fekk til slutt hol på byllen, noko som førte til den velkjente ketchup-effekten til 3-4. 3-5 og 3-6 i løpet av få minutter.

Like før slutt fekk Fogn eit hjørnespark som enda opp i ein heil del klabb og babb inne i feltet. Til slutt fekk Johannes Hovda kontroll på ballen og gjorde opp for straffebommen ved å banka inn reduseringa til 4-6!

Og med kampens siste spark på ballen sette Skjold inn sin siste fulltreffar, slik at det heile endte med ein 7-4 siger til bortelaget.

Etter kampen var det god stemning mellom laga, som stilte opp til fellesbilete. Under fotoseansen stilte bortelaget spørsmål om det var ein plass å handle på Fogn, sidan dei hadde lang ventetid til båten. Då tilbaud Fognkaptein og sjef på "Jokeren", Ivar Opsal, seg å opna butikken for motstandarane, sjølv om vi no var fleire timar over stengetid. Slikt kan berre skje på landet, og vert heilt sikkert eit godt minne for spelarane frå Haugalandet!

Cupbombe onsdag 7. august?

Fogn IL.jpg

Onsdag 7. august klokka 19.10 er det tid for 2. runde i Rogalandscupen i fotball, der Fogn skal opp mot 4. divisjonslaget Skjold. I fjor slo Fogn, som kjent, ut Finnøy frå nettopp Rogalandscupen, så ein skal ikkej sjå vekk frå at det kan kome ei ny cupbombe onsdag kveld!

Kampen startar med at Fogn får 3 straffar, sidan dei ligg 3 divisjonar under Skjold. Det er med andre ord viktigt å møte presis dersom ein ynskjer å få med seg heile dramaet, som altså startar med 3 straffespark!

Velkommen til Fogn Stadion, og til å heie dei mørkeblå fram i ein vanskeleg kamp mot sterk motstand frå Haugalandet!

Ta turen frå Fogn til Jøsenfjorden!

helgøy.jpg

Denne turen bør alle prøva og få med seg i sommar. Ekstra bra for alle fastbuande og ferierande på Fogn er at båten kan bestillas innom på Sæbøvåg kl 17.40. Då er ein tilbake der ca kl 21.00. Dette er kvar Torsdag i Juli og August.
Jøsenfjorden er ein skikkelig flott fjord med mange attraksjonar underveis. Det blir guida og er god stemning ombord.
Ring ombord i «Helgøy Glimt» Tlf 951 12 496 for og bestilla anløp frå Sæbøvåg eller spørsmål. Eller ta kontakt med Øyvind Sandanger så kan eg formidla.

Tekst: Øyvind Sandanger

Tour de Fogn 2019

Det vart eit flott sykkelritt. Under kan du sjå resultatlista og ein video frå dagen:

Resultatliste:

  1. Bjarte Gausel 37:57

  2. Ørjan Klev Ladstein 38:37

  3. Håvard Østhus 38:45

  4. Paul Østebø 39:40

  5. Morten Sangedal 40:22

  6. Ivar Opsal 40:23

  7. Helge Iversen 43:47

  8. Jørgen Bø 44:07

  9. Arvid Egeland 49:53

  10. Gordon Sunde 57:13

  11. Ole Johan Sandanger 01:14:47

Dei over 60:

  1. Njål Hetlelid 51:11

Kvinner:

  1. Tora Sandanger 50:12

  2. Heidi Bø Sangedal 57:13

El-sykkel:

  1. Arne Torgersen 37:20

Video:


Det skjer på laurdag!

Tour de Fogn.jpg

Laurdag 29. juni er ein aktiv dag på Fogn, høyr berre her:

Klokka 13.00 - Tour de Fogn
I år vert Tour de Fogn eit eindagsritt, med to rundar rundt Fogn. Start og mål på skulen. Det er gratis å delta, men alle må vere over 16 år, ha hjelm og ikkje racersykkel.

Klokka 14.00 (ca.) - Barneritt
Barneritt på sykkel etter Tour de Fogn. Vær klar frå klokka 14.00 på skulen. Premie til alle som deltek i barnerittet!

Klokka 14.00-16.00 - Grilling på butikken
Biff, hamburgerar, pølser ++ og tilbehøret potetsalat og grønn salat. Kr. 50 per person, spis så mykje du vil. Betaling med kontanter eller på vipps til Ivar Opsal tlf 99567320.

Velkommen!