Her kan du melda deg som frivillig på dagsturhytta!

Fogn grendalag er på jakt etter folk som vil vera med og sjå etter dagsturhytta, som snart står klar på Ørnakula! I skjemaet under kan ein sjå kva eit slikt tilsynsansvar går ut på, og melde seg til teneste.

Alle som vil vere med på dette vil også bli lagt til i ei eiga Messengergruppe. Dersom nokon av dei som melder seg ikkje har Messenger, ta kontakt med Ole Klingsheim på 915 66 481, så finn vi ei løysing.

Annonsere på Fogn.org?

Fleire lokale bedrifter på Fogn og i gamle Finnøy kommune har annonse på Fogn.org. Når ein klikker på annonsa kjem ein anten til heimesida til bedrifta (om ein har) eller til ei enkel underside med informasjon om bedrifta.

Grendalaget har ikkje krevd inn betaling for annonsene dei siste 2-3 åra, men vil igjen byrje med dette frå og med 2022. I den anledning er det også naturleg å informere om at vi gjerne tek imot fleire annonsørar på Fogn.org!

Ei annonse kostar 1500 kroner per år, og inntektene går til grendalaget og drifting av Fogn.org. Ynskjer di bedrift å annonsere? Ta kontakt med Håvard på 93445913.

NB! Frisbeegolfdagen blir laurdag 11. juni frå kl. 16!

Josef Bø puttar, med storebror Jørgen som tilskodar.

I anledning at Fogn IL er 50 år i 2022, vert det arrangert ulike “temadagar” i jubileumsåret. Ein av desse går av stabelen laurdag 11. juni (NB! Ny dato grunna dårlege vèrmeldingar på søndag), då det er klart for frisbeegolfdag frå kl. 16.00 på Fogn Frisbeegolf - Utsikten! Noko av det som skjer denne dagen:

  • Spel ein runde eller to på frisbeegolfbanen. Idrettslaget stiller med både frisbee-ar og instruktørar som kan hjelpa dei som evt. ikkje har prøvd sporten før.

  • Turnering (påmeldingsfrist kl. 16.30) med eigen klasse for born (opp til og med barneskulen) og vaksne (8. klasse og oppover) med finalespel etter at alle har gått ein innleiande runde.

  • Puttekonkurranse - best av fem forsøk.

  • Fogn IL stiller med varme grillar, ta med grillmat og drikke sjølv.

  • Gratis kake

Alle er velkomne, anten ein er heilt ny på frisbeegolf, eller om ein byrjar å bli både erfaren og rutinert!

Fleire ungdomar (dette er eit utval) frå Fogn stiller opp som “instruktørar” og gir hjelp til dei som treng det!


Vil du bli med i dugnadsgjengen?

Dagsturhytta “Ørnareiret” er i ferd med å ferdigstillast på Ørnakula. Når snekkerane har gjort sitt, er det Fogn Grendalag, som etter avtale med Stavanger kommune, har ansvaret for drifta av hytta. Dette vil mellom anna kreve at nokon er innom hytta ein gong kvar veke og forsikrar seg om at ting ser greit ut og melder frå om evt. ting som må gjerast. Både dette som skal gjerast kvar veke, og det som må gjerast sjeldnare (t.d. årleg) av vedlikehald, står i ein driftsavtale grendalaget har gått inn på.

Dersom du vurderer å bidra på dugnad knytta til dagsturhytta, t.d. ved å stå på ei liste over folk som fordeler ansvaret for tilsyn av hytta mellom seg, er du hjarteleg velkommen til eit informasjons- og samtalemøte

PÅ FOGN OPPVEKSTSENTER TORSDAG 9. JUNI KL. 20.00!

På møtet vil driftsavtalen bli presentert og det vil bli samtala om korleis vi best kan organisere arbeidet knytta til dagsturhytta. Her vil det også bli mogeleg å “melde seg til teneste”. Dei som evt. ikkje kan kome på møtet, vil også kunne melde seg, meir informasjon kjem:)

Velkommen til informasjons- og samtalemøte!

Fogn Grendalag