A-laget flyg høgt for tida!

Fogn - Sandnes Ulf 3: 11-0 (5-0). Etter nedsablinga (10-1) mot Havørn 2 i årets første heimekamp, trudde nok dei færraste at Fogn skulle kunne overgå den prestasjonen med det første. Så feil kan ein ta, for i helga vart Sandnes Ulf 3 sendt heim med 0-11 i sekken!

Bortelaget, som speler sine heimekampar på Østerhus Arena i Sandnes, hadde nok ikkje heilt “godfølelsen” då dei samla seg på båten på veg til Fogn, og fann ut at dei berre var 10 spelarar. Likevel tok dei turen innover Ryfylke, og det står det respekt av! Diverre var denne respekten omtrent det einaste positive Sandnes Ulf 3 kunne ta med seg denne laurdagen.

Fogn, som ved å vinna med meir enn tre mål ville overta 3. plassen på tabellen, var nemleg i festhumør, og sjølv om det tok omlag ein halv omgang før den første scoringa kom, var det tideleg klart kven som var det førande laget. Bortelaget fekk knapt låne ballen, og dei gongene dei gjorde det, var dei snare med å gi den tilbake til dei mørkeblå.

Etter at Jørgen Bø sette inn den første skåringa etter fint samspel med Sondre Sandanger Sørheim, rann måla inn. Først skåra Sondre og Jørgen kvart sitt mål til, før Håvard Østhus la på til 4 og 5-0 før pause.

Etter at laga hadde skifta side tok det berre eit minutt før Jørgen auka til 6-0, før Sondre (7-0) og Håvard (8-0) sette inn to nye mål før 2. omgang var 10 minutter gammal. Jørgen ville ikkje vere dårligare enn mot Havørn 2, og sette sitt fjerde for dagen, før far Jakob Bø fekk avslutta det heile med to scoringar som fastsette sluttresultatet til 11-0!

Med dette er Fogn oppe på ein sterk 3. plass på tabellen, og Jørgen Bø toppar toppskårarlista i 7. divisjon med sine 10 mål på 6 kampar!

Alt tysdag venter ein ny tøff kamp for Fogn, denne gongen borte mot Siddis 2 (FC Show), som også vann 11-0 mot Sandnes Ulf 3 tidlegare i mai…

Mange gjekk tur, med både kjende og ukjende!

Mellom 50 og 60 personar møtte opp, då ulike lag og organisasjonar på Fogn arrangerte gåtur då frivilligheiten sin dag vart markert laurdag 14. mai. Dei frammøtte vart delt inn i grupper ut frå kva for ein type twistsjokolade dei fekk ved ankomst. Så gjekk gruppene av stad, dei fleste med destinasjon Ørnakula. I og med at gruppeinndelinga var nokså tilfeldig, var det mange som gjekk saman med folk dei ikkje kjende frå før.

På Ørnakula kunne folk sjå nærare på Dagsturhytta, som er under oppføring. I tillegg var det fleire som fekk sjå glimt av ei flott havørn som fauk over toppen. Både på Peråsen og på Ørnakula kunne folk også få smaka gode Fognatomater!

Tilbake på skulen etter endt tur var det servering av tomatsuppe, kaffi og kaker på skulen. Dei som vart sitjande ei stund, fekk også besøk av blåsarane i Messing, som var ute og øvde til 17. mai-toget.

Takk til alle, både dei som arrangerte og dei som deltok, og gjorde dette til eit flott arrangement!

17. maikomiteen opnar loddsalet frå fredag 13. mai

Frå og med fredag 13. mai, opnar 17. maikomiteen for loddsal i eit lotteri med to hovedgevinstar. Gevinstane er ein hagebenk i aluminium med to pledd (total verdi ca. 6500 kroner) og ein Ooni Koda 12 pizzaovn med pizzaspade (total verdi ca. 4000 kr).

Lodd kostar 10 kr per stykk, og kan kjøpast ved å vippsa til 93765. Merk betalinga med “Lodd + namn på dei som skal ha lodda”.

Loddtrekning skjer på folkefesten om kvelden, 17. mai.

Les elles om programmet for 17. maifeiringa på Fogn ved å klikka her!

17. mai-programmet er klart!

Etter to 17. mai-feiringar prega av korona, kan vi endeleg feire meir “normalt” dette året! Under er programmet for feiringa på Fogn:

07:30                          Bilkortesje. Startar på Runestad

09:00                          Flaggheis

09:15                          Tog opp til kyrkja

10:00                          Samling i kyrkja

10:45                          Tog tilbake til skulen

11:15 – 12:15             Matpause

12:15                          Leiker for barn

13:15- 15:00              Leiker og aktivitetar for alle

16:00                         Kransnedlegging og besøk av Restaurationen, Eidsvåg

19.00 Folkefest i gymsalen for alle frå 8. klasse og oppover. Mat, song, underhaldning, og festtale av Per Ivar Selvaag. Inngang: 250 kr per person.


Sjå hytta landa på Ørnakula!

I løpet av helga vart dagsturhytta frakta frå kaien på Sørvåg, med helikopter, opp til Ørnakula! I løpet av dei neste par vekene skal hytta ferdigstillast der oppe, før ho kan bli tatt i bruk.

Under er ein video som viser korleis helikopteret plasserer ein av dei fire modulane som hytta består av, på plassen sin. Det er Else Jorunn Løland som har filma denne snutten. (Om du ikkje ser filmen, så klikk her)

Frakt og montering av hytta er også blitt godt dokumentert med bilete. Det er Olav Magnus Måland som har knipsa serien under.