Kjem snart: Store endringar for Fogn.org

I løpet av kort tid vil Fogn.org dukke opp i ny drakt! Den nye nettsida blir minimalistisk, og fokuserer særleg på kalenderen vår, og relevante oppslag/”plakatar”. Ein vil også kunne klikke seg vidare til fast innhald som Fogn TV, Fogn Grendalag o.l.

Den nye sida ligg alt ute på nett, og vil snart bli det du kjem til når du skriv Fogn.org i nettlesaren din.

I tillegg til å nå sida frå nettlesaren din (der du altså skriv adressa “Fogn.org”) vil det vere mogleg å bruke appen “Infoskjermen Go” på mobilen for å få fram det same innhaldet. Fordelen med appen er at ein då kan motta eventuelle “pushvarslar” dersom det er viktig informasjon arrangørar ynskjer å få ut til alle som har appen.

Appen kan lastas ned på App Store (for iPhone) og Google Play (for Android). Når appen er lasta ned bruker ein koden “FOGN” for å få tilgang til nye Fogn.org.

Ny visning av Fogn - hold av datoen!

For 10 år sidan, i 2016, var det “Visning på Fogn” der folk vart invitert for å sjå mykje av det øya hadde å by på! Dette vart ein stor suksess og Aftenbladet skreiv fleire saker om arrangementet.

10 år etter, i 2026, nærmar Fogn seg “all time high” i innbyggartal, og manglar berre 37 personar på å nå Grendalaget sin visjon om 400+ innbygjarar. Kva er vel då betre enn å køyre ein ny visning av øya?

Det er mange avklaringar som gjenstår rundt arrangementet, men datoen er fastsett, så den er det berre å merka seg i kalenderen:

Laurdag 29. August 2026!

Meir info kjem!

Dugnad ved dagsturhytta 21. februar

Lørdag 21. februar fra kl. 10.00-12.30 blir det dugnad ved dagsturhytta Ørnareiret! Det er skoging, rydding, kløyving og løing av ved som står på agendaen.

Det trengs ved til hytta og utsikten kan bli bedre. Håndkraft er flott, og de som ønsker, kan ta med øks eller motorsag. Kanskje noen vil ta med (eller komme med) kaffe og noe å bite i?

Velkommen!

Ledige stillingar på Fogn Oppvekstsenter!

Det skjer ikkje veldig ofte, men no er det to ledige stillingar ved Fogn Oppvekstsenter. Rektor Alice Helgøy har bedt om at desse blir delt på Fogn.org, noko vi sjølvsagt gjer. Men oppfordringa går då vidare til lesarane, om å tipsa aktuelle søkjarar til stillinga som Pedagogisk Leiar i barnehagen, og ei deltidsstilling i SFO!

Søknadsfrist på begge stillingane er 20.01.2026, og ut frå annonseteksta ser det ut il å vere høve til å starte opp umiddelbart!