NB! Frisbeegolfdagen blir laurdag 11. juni frå kl. 16!

Josef Bø puttar, med storebror Jørgen som tilskodar.

I anledning at Fogn IL er 50 år i 2022, vert det arrangert ulike “temadagar” i jubileumsåret. Ein av desse går av stabelen laurdag 11. juni (NB! Ny dato grunna dårlege vèrmeldingar på søndag), då det er klart for frisbeegolfdag frå kl. 16.00 på Fogn Frisbeegolf - Utsikten! Noko av det som skjer denne dagen:

  • Spel ein runde eller to på frisbeegolfbanen. Idrettslaget stiller med både frisbee-ar og instruktørar som kan hjelpa dei som evt. ikkje har prøvd sporten før.

  • Turnering (påmeldingsfrist kl. 16.30) med eigen klasse for born (opp til og med barneskulen) og vaksne (8. klasse og oppover) med finalespel etter at alle har gått ein innleiande runde.

  • Puttekonkurranse - best av fem forsøk.

  • Fogn IL stiller med varme grillar, ta med grillmat og drikke sjølv.

  • Gratis kake

Alle er velkomne, anten ein er heilt ny på frisbeegolf, eller om ein byrjar å bli både erfaren og rutinert!

Fleire ungdomar (dette er eit utval) frå Fogn stiller opp som “instruktørar” og gir hjelp til dei som treng det!


Vil du bli med i dugnadsgjengen?

Dagsturhytta “Ørnareiret” er i ferd med å ferdigstillast på Ørnakula. Når snekkerane har gjort sitt, er det Fogn Grendalag, som etter avtale med Stavanger kommune, har ansvaret for drifta av hytta. Dette vil mellom anna kreve at nokon er innom hytta ein gong kvar veke og forsikrar seg om at ting ser greit ut og melder frå om evt. ting som må gjerast. Både dette som skal gjerast kvar veke, og det som må gjerast sjeldnare (t.d. årleg) av vedlikehald, står i ein driftsavtale grendalaget har gått inn på.

Dersom du vurderer å bidra på dugnad knytta til dagsturhytta, t.d. ved å stå på ei liste over folk som fordeler ansvaret for tilsyn av hytta mellom seg, er du hjarteleg velkommen til eit informasjons- og samtalemøte

PÅ FOGN OPPVEKSTSENTER TORSDAG 9. JUNI KL. 20.00!

På møtet vil driftsavtalen bli presentert og det vil bli samtala om korleis vi best kan organisere arbeidet knytta til dagsturhytta. Her vil det også bli mogeleg å “melde seg til teneste”. Dei som evt. ikkje kan kome på møtet, vil også kunne melde seg, meir informasjon kjem:)

Velkommen til informasjons- og samtalemøte!

Fogn Grendalag

A-laget flyg høgt for tida!

Fogn - Sandnes Ulf 3: 11-0 (5-0). Etter nedsablinga (10-1) mot Havørn 2 i årets første heimekamp, trudde nok dei færraste at Fogn skulle kunne overgå den prestasjonen med det første. Så feil kan ein ta, for i helga vart Sandnes Ulf 3 sendt heim med 0-11 i sekken!

Bortelaget, som speler sine heimekampar på Østerhus Arena i Sandnes, hadde nok ikkje heilt “godfølelsen” då dei samla seg på båten på veg til Fogn, og fann ut at dei berre var 10 spelarar. Likevel tok dei turen innover Ryfylke, og det står det respekt av! Diverre var denne respekten omtrent det einaste positive Sandnes Ulf 3 kunne ta med seg denne laurdagen.

Fogn, som ved å vinna med meir enn tre mål ville overta 3. plassen på tabellen, var nemleg i festhumør, og sjølv om det tok omlag ein halv omgang før den første scoringa kom, var det tideleg klart kven som var det førande laget. Bortelaget fekk knapt låne ballen, og dei gongene dei gjorde det, var dei snare med å gi den tilbake til dei mørkeblå.

Etter at Jørgen Bø sette inn den første skåringa etter fint samspel med Sondre Sandanger Sørheim, rann måla inn. Først skåra Sondre og Jørgen kvart sitt mål til, før Håvard Østhus la på til 4 og 5-0 før pause.

Etter at laga hadde skifta side tok det berre eit minutt før Jørgen auka til 6-0, før Sondre (7-0) og Håvard (8-0) sette inn to nye mål før 2. omgang var 10 minutter gammal. Jørgen ville ikkje vere dårligare enn mot Havørn 2, og sette sitt fjerde for dagen, før far Jakob Bø fekk avslutta det heile med to scoringar som fastsette sluttresultatet til 11-0!

Med dette er Fogn oppe på ein sterk 3. plass på tabellen, og Jørgen Bø toppar toppskårarlista i 7. divisjon med sine 10 mål på 6 kampar!

Alt tysdag venter ein ny tøff kamp for Fogn, denne gongen borte mot Siddis 2 (FC Show), som også vann 11-0 mot Sandnes Ulf 3 tidlegare i mai…