Mange gjekk tur, med både kjende og ukjende!

Mellom 50 og 60 personar møtte opp, då ulike lag og organisasjonar på Fogn arrangerte gåtur då frivilligheiten sin dag vart markert laurdag 14. mai. Dei frammøtte vart delt inn i grupper ut frå kva for ein type twistsjokolade dei fekk ved ankomst. Så gjekk gruppene av stad, dei fleste med destinasjon Ørnakula. I og med at gruppeinndelinga var nokså tilfeldig, var det mange som gjekk saman med folk dei ikkje kjende frå før.

På Ørnakula kunne folk sjå nærare på Dagsturhytta, som er under oppføring. I tillegg var det fleire som fekk sjå glimt av ei flott havørn som fauk over toppen. Både på Peråsen og på Ørnakula kunne folk også få smaka gode Fognatomater!

Tilbake på skulen etter endt tur var det servering av tomatsuppe, kaffi og kaker på skulen. Dei som vart sitjande ei stund, fekk også besøk av blåsarane i Messing, som var ute og øvde til 17. mai-toget.

Takk til alle, både dei som arrangerte og dei som deltok, og gjorde dette til eit flott arrangement!

17. maikomiteen opnar loddsalet frå fredag 13. mai

Frå og med fredag 13. mai, opnar 17. maikomiteen for loddsal i eit lotteri med to hovedgevinstar. Gevinstane er ein hagebenk i aluminium med to pledd (total verdi ca. 6500 kroner) og ein Ooni Koda 12 pizzaovn med pizzaspade (total verdi ca. 4000 kr).

Lodd kostar 10 kr per stykk, og kan kjøpast ved å vippsa til 93765. Merk betalinga med “Lodd + namn på dei som skal ha lodda”.

Loddtrekning skjer på folkefesten om kvelden, 17. mai.

Les elles om programmet for 17. maifeiringa på Fogn ved å klikka her!

17. mai-programmet er klart!

Etter to 17. mai-feiringar prega av korona, kan vi endeleg feire meir “normalt” dette året! Under er programmet for feiringa på Fogn:

07:30                          Bilkortesje. Startar på Runestad

09:00                          Flaggheis

09:15                          Tog opp til kyrkja

10:00                          Samling i kyrkja

10:45                          Tog tilbake til skulen

11:15 – 12:15             Matpause

12:15                          Leiker for barn

13:15- 15:00              Leiker og aktivitetar for alle

16:00                         Kransnedlegging og besøk av Restaurationen, Eidsvåg

19.00 Folkefest i gymsalen for alle frå 8. klasse og oppover. Mat, song, underhaldning, og festtale av Per Ivar Selvaag. Inngang: 250 kr per person.


Sjå hytta landa på Ørnakula!

I løpet av helga vart dagsturhytta frakta frå kaien på Sørvåg, med helikopter, opp til Ørnakula! I løpet av dei neste par vekene skal hytta ferdigstillast der oppe, før ho kan bli tatt i bruk.

Under er ein video som viser korleis helikopteret plasserer ein av dei fire modulane som hytta består av, på plassen sin. Det er Else Jorunn Løland som har filma denne snutten. (Om du ikkje ser filmen, så klikk her)

Frakt og montering av hytta er også blitt godt dokumentert med bilete. Det er Olav Magnus Måland som har knipsa serien under.

Fogn slo serieleiaren!

Til og med Fognareven viste seg denne dagen! Foto: Janne Aano Bø

Fogn - MIL 2: 3-2 (1-1). Å samanlikna Fogn A-lag sin kamp mot andrelaget frå Midtbygden med Davids kamp mot Goliat, blir kanskje litt drøyt. Men når MIL 2 sto med fire strake sigrar og 33-0 i målforskjell, og Fogn kom frå eit sviande bortetap med siffera 0-10 mot Madla 4, var det nok fleire som såg for seg andre scener, enn dei som utspelte seg på Fogn stadion, tysdag 3. mai!

Eit av måla Fogn hadde sett seg før kampstart, var å få ballen i nettet bak MIL-keeperen minst ein gong, slik at dei ikkje lenger skulle stå med 0 baklengs etter denne kampen. Og det tok ikkje meir enn 13 minutter før målet var eit faktum. Jakob Bø slo ein lang ball frå sin midtbaneposisjon, opp bak MIL-forsvaret. Der hadde sonen, Jørgen Bø, kome seg inn, og fekk avslutta både kjapt, hardt og utagbart nede til høgre for keeper, 1-0!

MIL 2, som hadde brukt tid på å trena på naturgras i det siste, for å vere førebudde til denne kampen, brukte nok litt lengre tid enn planlagt til å bli vane med underlaget. Men etter ca. ein halvtime fekk dei også lønn for strevet, då Eirik Horve fekk sett ballen i mål, etter litt klabb og babb i eit elles særs godt Fogn-forsvar, 1-1.

Stillinga sto seg til pause, og under pausepraten tok Sondre Sandanger Sørheim ordet, og sa omtrent dette:
”Dette MIL-laget har ambisjonar om å bli eit middels godt 5. divisjonslag. Dette er kanskje den einaste sjansen vi har til å slå dei, og no har vi eit godt utgangspunkt. La oss sørga for at dei alltid vil hugsa denne dagen som den gongen dei kom til Fogn og tapte ein fotballkamp!”

Om det var Sondres motivasjonsprat som gjorde susen er vanskeleg å seie, men Fogn kom i alle fall påskrudd ut til 2. omgang, og klarte å unngå at MIL 2 dikterte kampen, slik dei gjorde i store deler av 1. omgang. Eit kvarter ut i omgangen, gjekk Fogn opp i leiinga på nytt, også denne gongen etter at Jakob slo ein ball opp frå midtbanen, men no hoppa Jørgen over ballen, noko som sendte Håvard Østhus gjennom åleine med keeper. Ballen vart rulla inn i venstre hjørne for keeper, 2-1!

Kun minutter seinare utligna Alv Martin Ur for MIL 2, på eit noko heldig skot frå kanten av 16-meteren, 2-2.

Deretter bølga kampen fram og tilbake, dog utan dei store sjansane til nokon av laga. Eit entusiastisk heimepublikum heia fram dei mørkeblå, og etter 74 minutter skulle dei verkeleg få noko å juble for. Først vart Jørgen Bø riven ned på veg mot mål, noko som sikra heimelaget frispark i farlig posisjon, rundt 20-25 meter frå mål. Både Sondre og Jakob stilte seg opp ved ballen, slik at både keeper og mur måtte vere førebudd på at skotet kom med anten Sondres venstrebein eller Jakobs høgre. Sondre hoppa over ballen, Jakob skaut, og ballen fauk som eit prosjektil langs bakken, via venstre stolpe og i mål bak ein keeper som strekte seg så lang han var, 3-2!

MIL 2 sendte fram store deler av laget i jakta på ei utligning, noko som førte til sjansar begge veger dei siste minuttene. Men MIL 2 fekk aldri resultat for strevet, og byrja etterkvart å bli meir opptekne av banens forfatning, enn av eige spel. Enkelte av bortelagets spelerar hevda at Fogn hadde ein stor fordel, sidan dei trente på denne humpete banen. Det kan herved avkreftast, Fogn har ikkje trent på denne banen i det heile denne sesongen :)

Det vart vill jubel då dagens gode dommar, 75 år gamle Osvald Høiland, blåste av kampen, og Fogn sto igjen med 3 poeng mot eit MIL 2-lag, som no var gått så sure at fleire spelerar nekta å takke for kampen. Sympatisk. Dette hindra ikkje Fogn i å feira skikkeleg, og sjelden har nok keeper Trond Egil Sivertsen leia laget med meir innleving i sin sedvanlige “Gi meg ein F, gi meg ein O, osv” etter kampslutt!

Så skal det seiast at Stavanger kommune var på plass dagen etter kampen for å prøva å gjere banen både jamnare og mjukare. Det er nok ein liten del av dei fleste Fognspelerane som håper kommunen mislykkes med dette.

Bli med på frivillighetens dag på Fogn!

Lørdag 14. mai går lag og foreningar på øya saman om å arrangera ein inspirerande og sosial markering av dagen. 2022 er frivillighetens år og den blir markert over heile landet på ulikt vis.

Me på Fogn inviterer difor alle til å komma til øya denne dagen for å gå tur. Etter inspirasjon frå Nasjonalforeningen for folkehelse er mottoet for dagen: Me går saman, og gjerne med nokon du ikkje kjenner! Det oppmodast faktisk til det! Viss det høyres for risikabelt ut, kan du sjølvsagt gå med nokon du kjenner.

Me legg opp til korte og litt lengre turar. Det viktigaste er at me skal ut på tur, og at dei som ikkje allereie kjenner Fogn, skal få bli kjent med «perlå i Ryfylke.» For dei som jaktar poeng i trimpoengappen, er dette ein ypparleg måte å samla poeng på. Både Ørnakulå, der den nye dagsturhytta er under oppføring, og Peråsen gir uttelling.

Etter at turen er unnagjort blir det samling ved skulen og det blir servert suppe laga på tomatar frå Fogn. Og kaker, kaffi og drøs.

For å komma til Fogn kan du anten køyra bil til Judaberg, parkera på kaien og ta ferja som går klokka 1155. Eller ta hurtigbåt frå byen klokka 1030. Frå kaien på Fogn tek det 5 minutt å gå til møtepunktet ved skulen. Ein representant frå Fogn (med gul vest) er på kaien ved ankomst.

Retur med ferje til Judaberg klokka 1615, eller hurtigbåt til byen klokka 1555 eller 1630.

Turstart mellom klokka 1130 og 1230. Etter turen blir det servering av tomatsuppe, laga på tomatar frå Fogn.

Så ønskjer me absolutt alle, fastbuande, hyttefolk, sambygdingar frå dei andre øyane, turistar, feriefolk, turinteresserte, lag, foreningar, kjente og ukjente hjarteleg velkommen til Fogn.

Det er sjølvsagt heilt gratis å bli med.

Registrering før start.

Arr. Helselaget, grendalaget, idrettslaget, husflidslaget, ungdomslaget, bondelaget, eldrekafeen, kyrkje og bedehus.

Under er ein plakat som samanfatter informasjonen over: