Referat frå Helselaget sitt årsmøte 2021

public.jpeg


På grunn av koronasituasjonen blei årsmøtet avholdt 29.mars med berre leiar Oddbjørg Måland og nestleiar Ingeborg Bø Rolfsen til stades. 

I samsvar med regelverket blei årsmøtepapira sendt til medlemmane i forkant av årsmøtet. 

På dette fekk med følgjande tilbakemeldingar:

- Kristine Bø spela inn forslag om at Helselaget bør arrangera fellestur èin gong per månad for alle som vil.

- Sølvi Østhus har meldt seg som fast hjelpar ved tilstellingar kor me treng fleire hender, til dømes taco-middagen og førjulsfesten for pensjonistane.

Val:

Som medlemmane kjenner til lukkast me diverre ikkje med å få nye medlemmer til styret. Me vel likevel å gå vidare med berre tre medlemmer i styret. 

 Igjen i styret:

- Oddbjørg Måland, leiar

- Ingeborg Bø Rolfsen, kasserar

- Isabelle Kvamsø, sekretær 

Ut av styret:

- Gunnhild Hovda Grønås

- Ingunn Sandanger

- Elisabeth Leiros

På val:

- ingen

Dette kan bety ein reduksjon i arrangementa til Helselaget.

Med dette er innkalling, årsmelding, rekneskap, val og handlingsplan godkjent.

Vidare bestemte styret:

- å «investera» i fire nye postkassar til turbøkene. Me vil ha postkassar i plast som er mykje betre egna enn dei gamle og godt brukte postkassane me har no.

- Å auka beløpet til kjøp av gåvekort i samband med den årlege trekninga i turbøkene. Ifrå totalt 700 kroner til 1000 kroner.

Tre vinnarar blei trekt i turbøkene:

1. premie Liv Sangedal

2. premie Ottar Sandanger

3. premie Trond Arne Borgemyr

Dei tre heldige vinnarane får gåvekort ifrå Finnøy blomster og interiør som kan hentast på Joker Fogn

Det går mot dagsturhytte på Fogn!

IMG_6678.jpg

Før påske skreiv vi om at grendalaget hadde kome med forslag om å plassere ei dagsturhytte på Fogn, nærare bestemt i nærleiken av Fogn sin høgaste topp, Ørnakulå. Vi kan no melde om at dette prosjektet ser ut til å “gå vegen”, eller som Øyposten slår fast: “Ørnakulå på Fogn får dagsturhytte”!

Innstillinga til administrasjonen i Stavanger kommune er nemlig å gå for to dagsturhytter, slik at det blir plassert ei hytte både på Kuneset på Hundvåg, og Ørnakulå på Fogn. På denne måten vert det både ei hytte ved sjøen og ei hytte på ein topp med utsikt over store deler av kommunen!

Administrasjonen skriv i si innstilling i dei politiske sakspapira at Ørnakula geografisk ligg midt i øylandskapet i Stavanger kommune. Det er bra at ein kan nå toppen frå ulike startpunkt på øya, slik at ein ikkje er avhengig av bil for å kunna ta turen. Eit anna moment dei vel å trekka fram, er at Ørnakula, i tillegg til å vere lett tilgjengeleg, ligg langt unna busetnad og lysforureining. På kveldstid får ein difor krystallklar utsikt til ein flott stjernehimmel, som på biletet under, som er knipsa på Ørnakulå i januar i år:

DSC_4304.jpg

På Fogn har det i det siste vore uvanleg høg aktivitet i turstinettet. Både fastbuande og besøkande er ute på tur, både for å få trim og gode naturopplevingar, men også for å sanka trimpoeng i konkurransen “Finnøy Topptur 2021”. Av alle dei registrerte turmåla i konkurransen er det dei tre toppane på Fogn, Peråsen, Domfjellet og Ørnakulå, som har fått registrert klart flest besøk!

No ser vi fram til at dagsturhytta til Fogn blir banka gjennom i diverse politiske utval, første spadestikk blir tatt, og hytta kjem på plass! Då har vi stor tru på at enno fleire får koma og sjå kva for ein flott natur Stavanger kommune har å by på, berre ein dagstur unna!


Maskorama og andre innslag på påskebasaren

Her vil vi publisere diverse innslag knytta til Fogn IL sin påskebasar, slik at dei som ikkje er på Facebook kan både sjå og kome med sine tips til Kristian og Jørgen sine Maskoramaoppgåver! Dei som er på Facebook kan sjå og kommentere på Fogn IL si Facebookgruppe, medan dei som ikkje er der kan levere sine tips i skjemaet nedst i denne saka.

Maskorama - Fredag 2. april

Maskorama - Torsdag 1. april

Maskorama - Onsdag 31. mars

Maskorama - Tysdag 30. mars

Maskorama - Mandag 29. mars. Sjå videoen her!

Maskorama søndag 28. mars

Digital påske på Fogn i år!

Påsken 2021.jpeg

Påsken 2021 vert nokså lik påsken 2020 på den måten at store forsamlingar ikkje får lov å samlast grunna smittevernreglar. Men der det meste i fjor vart avlyst, har vi no eit års erfaring med digitale alternativ, noko som ein vil merke frå både Fogn kyrkje, Fogn misjonsforsamling og Fogn IL!

Fogn kyrkje planlegg digitale sendingar både på langfredag og 1. påskedag. Sendingane, som mellom anna består av tekstlesing, song og musikk, vert tekne opp på førehand, og publiserte på Fogn kyrkje si Facebookside på den aktuelle dagen. Prest Terje Engstrøm deltek, saman med mange lokale krefter.

Fogn misjonsforsamling publiserer eit lite “påskeglimt” på si Facebookside kvar heilagdag i påska. “Påskeglimtet” består av ein kort bibeltekst, eit stykke frå Jostein Ørum si bok “De som så ham” og framføring av ein påskesong. Også her er det lokale krefter som bidreg.

Fogn IL sin basar vart avlyst i fjor, men i år blir digitalen gjennomført heildigitalt! Trekning blir på påskeaftan (laurdag 3. april) kl. 18.00, og loddsalet stengjer kl. 17.30 same dag. Lodda koster 10 kr per stk og kan kjøpast via Vipps til Fogn IL sitt nr. 94513. Merk betalinga med det/dei namna som skal stå i loddboka.
Kristian Sandanger Iversen og Jørgen Bø, som i fjor gjorde stor suksess med sitt “Alle mot 1”-konsept, lagar i år ein lokal variant av “Maskorama”. Dei kjem med nye episodar frå palmesøndag og fram til påskebasaren på laurdag. I tillegg vert det ei direktesending med status i loddsalet ++ på onsdag kl. 20.00.
Meir info om idrettslagsbasaren kjem i morgon, palmesøndag!