Spenstige planar for turstinettet på Fogn!

Så flott kan det vera på Ørnakula ein morgon i mars! Foto: Håvard Østhus

Så flott kan det vera på Ørnakula ein morgon i mars! Foto: Håvard Østhus

Fleire har sikkert fått med seg “skriverier” i Øyposten, både om mogleg dagsturhytte på Fogn, og om besøk frå Den norske turistforening (DNT) samt representantar frå Rennesøy og Finnøy turlag i førre veke. Det er Fogn grendalag som har tatt initiativet til alt dette, og som no jobber aktivt for å få fleire “attraksjonar” inn i turstinettet vårt.

Når det gjeld prosjektet knytta til dagsturhytte, så er det bestemt at det skal etablerast ei dagsturhytte i Stavanger kommune. Grendalaget har kome med forslag om at denne skal plasserast på Fogn, i nærleiken av Ørnakulå. Heidi Bø Sangedal i grendalaget har tidlegare argumentert for dette i Øyposten ved å seie at Fogn ligg geografisk midt i den nye kommunen, det er utsikt både over Ryfylke og inn mot byen, og ein kan starte på ei turløype som fører til Ørnakulå frå alle kaiar på Fogn. Dessutan er det berre 35 minutt med hurtigbåt frå byen, avsluttar Sangedal i Øyposten. Under er ein liten video som vert brukt i søknadsprosessen for å visa folk som ikkje er så lokalkjente kvar Ørnakulå er.

I tillegg til dette prosjektet, har grendalaget også kontakt med Turistforeningen, som altså var på besøk på Fogn i førre veke. Sjølv om vèret ikkje viste seg frå si aller beste side, var besøket imponert over både turstiar, utsikt og folk på Fogn! Programmet for dagen besto av turar og synfaring på aktuelle stader, kaffi på bålpanna i Holmastø, omvisning i drivhuset til Jon Olav Runestad og kaffi og oppsummering i museet på Erås.

Det er ikkje avklart kva samarbeidet med DNT skal munna ut i, men det er mellom anna snakk om hengekøyecamp og friluftsskule på Fogn. Vi ser fram til å fylgja dette vidare, og har tru på at store ting kan skje når lokale eldsjeler blir kopla saman med dei rette folka, slik tilfellet er i denne saka!

Under er nokre bilete frå besøket, knipsa av Ole Klingsheim:

Ut på tur med trimpoengappen!

Trimpoeng.png

Å ta seg ein tur i skog og mark har berre blitt meir og meir populært dei siste åra. Og den pågåande pandemien har ikkje bremsa denne utviklinga, snarare tvert imot!

No har Finnøy Frivilligsentral gjort det mogleg at ein kan gå turar i nærmiljøet vårt, samtidig som vi sankar poeng i ein konkurranse. Konkurransen heiter “Finnøy Topptur 2021” og er gratis å vere med på. Det heile er gjort mogleg gjennom appen “Trimpoeng”, som kan lastas ned på både iPhone og Android-telefonar (smarttelefonar frå t.d. Samsung eller Huawei).

Konkurransen og appen fungerer slik at ein kan “sjekka inn” når ein er på ulike toppar og destinasjonar, og på den måten få tildelt så mange poeng som det er bestemt at nettopp denne turen gir. Inne i appen er det mange tips om ulike turar, så her treng ein ikkje berre gå på kjende stiar!

Vi oppfordrar folk til å laste ned appen, og komme seg ut på tur!

Klart for sol og fine forhold på Fjellberg på søndag!

Bilde_04.02.2021,_17_26_05.jpg

Etter den lange perioden med kulde, har dei aller fleste vatn i kommunen no trygg is. Fjellbergvatnet på Fogn er ikkje noko unnatak, noko målingar utført rundt omkring på isen tydeleg beviser.

Det har vore snakk om at Fogn IL skulle ha ein type arrangement på Fjellberg på søndag. Grunna koronareglar vert det vanskeleg å ha ein type felles arrangement med oppstartstidspunkt og organisert opplegg. Det er likevel slik at det er god plass både på og ved Fjellbergvatnet, så dei som ynskjer kan gjerne ta søndagsturen dit i det fine vèret! Nokre tips:

  • Ta gjerne med snøskuffe og/eller kost, sidan det ligg ca. 5 cm snø på isen.

  • Snøen gjer at ikkje berre skøyter, men også ski kan fungera godt på vatnet.

  • Ryktene seier at det vil bli frakta ut ved til eit bål som kan nyttast til spidding av pølser.

  • Det er lagt til rette for parkering på “egrå” som ligg rett til høgre for grinda der vegen ut mot Fjellberg byrjar. Parkering er skilta, sjå bilete nedst i denne saka.

God søndagstur, anten det vert til Fjellbergvatnet eller ein annan destinasjon!

Bilde 06.02.2021, 16 01 54.jpg
Bilde 06.02.2021, 16 01 42.jpg

Snart klart for joggeløype rundt fotballbanen!

IMG_6041.jpg

Mange kunne observere stor aktivitet på Fogn stadion, laurdag 30. januar. Med eit lite snølag og frost i bakken var forholda nemlig perfekte til å kunne kjøre både traktorar og gravemaskin utpå banen utan å lage dei store spora. Bakgrunnen for den store aktiviteten er at styret i Fogn IL har gått inn for å laga ei joggeløype rundt fotballbanen og bingen. På denne måten kan folk få ei omlag 400 meter lang sløyfe å springe på, med grus som underlag store deler av vegen. Tanken er også å få på plass nokre låge lys som vil vise vegen, også når det er mørkt. Så her kan det trenast både dag og kveld, året gjennom!

Under er ei veldig enkel skisse av korleis løypa vil sjå ut. Det er ikkje sett nokon endeleg dato for når arbeidet vil vere ferdig, men i løpet av våren er eit fint anslag:)

IMG_6046.jpg