Bytte- og bruktmarked på Fogn!

sagene_hagefest_bruktmarked.jpg

Gjenbruk er i vinden som aldri før, og det ligg heilt sikkert mykje forskjellig og støvar ned i kjellarar, kott og skap på Fogn, som andre kan ha god bruk for! Difor vil Fogn Grendalag arrangere ein bytte- og bruktmarknad på Fogn laurdag 15. februar. Marknaden vert i gymsalen på Fogn oppvekstsenter frå klokka 12.00-14.00, og det vert høve til å kjøpe graut og saft for 30 kr per person i foajeen.

Prinsippet er at alle som har ting dei ynskjer å bli kvitt, står for salet/byttet av dette sjølv. Varene går altså ikkje via grendalaget, men direkte frå person til person.

På marknaden gjeld desse “reglane”:

  • Alle som ynskjer å ha eige “salsbord” til det dei vil bli kvitt, gir beskjed om dette til Ivar Opsal (995 67 320) eller Håvard Østhus (934 45 913) innan fredag 14. februar kl. 20.00.

  • Grendalaget syter for “salsbord” til dei som ber om dette. Ut over dette er det opp til seljar å bestemme både pris på varene, og kva inntektene evt. går til (det er ikkje eit krav om at det må gå til eit godt formål). Det er sjølvsagt også lov å bytte varer med kvarandre, dersom ein vert einige om dette.

  • Når marknaden er over, har seljar ansvar for dei varene som han/ho hadde med, men som ein ikkje vart kvitt.

  • Gymsalen er open frå klokka 11.00, med tanke på at seljarar skal få varene sine på plass før marknaden opnar klokka 12.00. Vi ynskjer ikkje sal før klokka 12.00.

Grendalaget vil oppfordra alle til å ta ein kikk i kjellaren, kottet og skapet, og ta med på bytte- og bruktmarknaden på Fogn!

NB! Dersom ein har nokre få ting (t.d. nokre ski/skøyter) som ein vil byta vekk, er det lov å ha dette med utan å måtte ha eige salsbord.

Helselaget inviterer til tacokveld + årsmøte

jffnb4pcmzdollfqub0h.jpg

Tacokveld

Helselaget gjentek suksessen ifrå i fjor, og inviterer til tacokveld laurdag 8. februar mellom klokka 1800 – 2100 på Fogn Oppvekstsenter. Bufeten er varm til klokka 2000.

Menyen blir omtrent som i fjor, med mange gode smakar og spennande tilbehøyr. Til dessert vert det servert is.

Pris: Born under 10 år, 50 kroner. Elles 150 kroner. Maks 500 NOK for en familie, gjelder heimebuande barn. Påmelding til Oddbjørg seinast 4.februar på telefon: 94 12 92 33. Send gjerne sms.

Hjarteleg velkommen

————————————————————

Helselaget vil også invitere til årsmøte:

Onsdag 4.mars klokka 1830 på Fogn Oppvekstsenter.

Dr. Eivind Vestbø skal halda eit interessant foredrag om demens
Enkel servering
Trekning av tre heldige vinnarar frå turbøkene
Utlodding - ta gjerne med ein gevinst

Sakliste

 Val av møteleiar, referent og to representantar til å godkjenne og underteikne referatet
 Godkjenning av årsmelding og rekneskap
 Aldersgrense for deltaking på førjulsfesten for pensjonistane
 Innkomne forslag
o Matkurs
 Val
o To nye styremedlemmar

Hjarteleg velkommen

Stort oppmøte og sterke inntrykk!

Røverdatter  - 18.jpg

Raud løpar, masse folk, blitzregn, Amandaprisvinnarar. Og så er det gymsalen på Fogn oppvekstsenter, ein nokså vanleg fredag i januar vi snakkar om!

Meir enn 100 personar møtte opp for å sjå filmen “Røverdatter”, der hovudpersonen Kjell Magne Haugan har busett seg på Fogn saman med si Trude. Det er dattera Sofia som både står bak filmen, og som også er å sjå foran kamera, som næraste pårørande til ein rusmisbrukar, nemleg hennar eigen far.

Det var Fogn Grendalag, med leiar Ole Klingsheim i spissen, som hadde invitert både publikum og hovudpersonar til Fogn oppvekstsenter denne kvelden. Det heile starta med raud løpar ute i gangen, før ein kom inn i gymsalen der det var dekka til med småbord, isbar og popcorn! Filmen vart vist, og ein kunne merke på atmosfæren inne i salen, at dette var noko som gjorde sterkt inntrykk på dei frammøtte!

Etter filmvisninga var det tid for spørsmål til hovudpersonane, både Sofia, Kjell Magne og Magnus Tombre Bøhn, som er gift med Sofia og har vore bak kamera i store deler av filmen. Mange stilte spørsmål rundt livet som pårørande til ein rusmisbrukar, og om systemet som ein må gjennom dersom ein vil ha hjelp til å koma ut av avhengigheita.

Etter at det heile var over, kunne ein høyre mange lovord blant dei frammøtte. “Sterkt”, “Viktig” og “Dette gir perspektiver” var noko som gjekk igjen, etter ein kveld vi seint vil gløyme på Fogn!

Under er fleire bilete frå kvelden:

Servering av fillipinsk middag 25. januar

DSC_0078.jpeg

Laurdag 25. januar kl. 17-19 vert det igjen servering av fillipinsk mat i løa til Unni og Jon Olav Østhus. Det er Gloria Tveitane som står for matlaginga, som ho også gjorde for eit drøyt år sidan, då mange møtte opp og fekk eit utsøkt måltid!

Middagen koster 150 kr, og også denne gongen går pengane til trengande på Fillipinene.

Alle er hjarteleg velkomne!


Mange møtte opp og vart mette då Gloria laga mat i løa førre gong, hausten 2018.

Mange møtte opp og vart mette då Gloria laga mat i løa førre gong, hausten 2018.