Bibellesinga er i gong!

Bibellesing.JPG

For tredje gong skal Bibelen lesast frå perm til perm i Fogn kyrkje, og denne runden er alt i gong! Initiativtakar Unni Østhus las dei første versa frå 1. Mosebok 1 på søndag 5. januar kl. 13.00, og så vil lesinga halde fram i over to veker. Sjå i kalenderen her på Fogn.org for å finne ut nøyaktig når lesinga føregår. Alle er velkomne i kyrkja, anten ein berre vil høyre på, eller om ein vil vere med og lese.

I tillegg til “rein lesing” vert det også lagt opp til fylgjande hendingar i kyrkja denne perioden:

Onsdag 8. januar kl. 18.30: Sokneprest Terje Engstrøm har tema om Johannes døyparen og samanhengen mellom det gamle og det nye testamentet.

Onsdag 15. januar kl. 17.00: Marit Anmarkrud og Solborg Folkehøgskule har tekstformidling til barn

Onsdag 15. januar kl. 20.00: Marit Anmarkrud og Solborg Folkehøgskule dramatiserer og formidler enkelte tekstar.

Torsdag 16. januar kl. 12.00: Marit Anmarkrud og Solborg Folkehøgskule dramatiserer og formidler enkelte tekstar.

Nye hurtigbåtruter frå januar 2020!

image.jpg

Dei av oss som anten bur, eller har hytte på ei øy som Fogn, er av naturlege grunnar godt over gjennomsnittet opptekne av ferje- og hurtigbåtruter. Frå januar 2020, altså no, er det gjort ein god del endringar i hurtigbåtrutene til/frå Fogn, stort sett til det gode, vil mange meine. Det er mellom anna slik at pendlarbåten som før gjekk frå Fogn klokka 06.05 til Finnøy, der ein måtte vente før båten gjekk til Stavanger via Brimse, no går kl. 06.20 frå Fogn, og til Stavanger utan mellomstadane Finnøy og Brimse. Ein reiser med andre ord 15 min seinare, men er framme til same tid.

Ein kan få oppdaterte hurtigbåtrutar ombord i båtane, på internett (ved å klikke HER), eller på Kolumbus sin ruteapp til telefonen.

Det skjer i jula på Fogn!

what-is-half-christmas-workaholics.jpg

Søndag 22. desember kl. 11.00 på bedehuset
Møte ved Anne og Håvard Østhus
Born bidreg med song
Noko å bita i etter møtet

Søndag 22. desember kl. 13.00 på butikken
Gratis julegraut frå kl. 13.00-14.00 i lagerbygget.
Nissen kjem kl. 13.45 med godteposar til borna.
Butikken er open frå kl. 14.00-18.00

Lille julaften kl. 23.00 i kyrkja
Midnattsamling i kyrkjekjellaren for ungdomar frå 8. klasse og oppover.
Høgtlesing av juleevangeliet.
Klementiner, pepperkaker, twist, saft og kaffi.

Julaften kl. 13.00 i kyrkja
Gudsteneste ved Terje Engstrøm
Song ved Iselin Jacobsen
Takkoffer til Kirkens nødhjelp

1. Juledag kl. 12.00 på bedehuset
Høgtidsmøte for heile familien
Ved Paul Aano
Song ved Sally Jane Aano
Kollekt til Ebenezer Operation Exodus

2. Juledag kl. 12.00 i kyrkja
Høgtidsgudsteneste ved Tor Egil Eriksen
Song ved Stine Runestad
Dåp og nattverd.
Takkoffer til Misjonsprosjektet

3. Juledag kl. 17.00 på bedehuset
Søndagsskulen sin juletrefest
Andakt ved Ruben Fjell
Juletregang, kaffi og mat
Leiker og godtepose
Inngang 50 kr per person, maks 200 kr per familie

Søndag 29. desember kl. 11.00 på bedehuset
Møte ved Terje Kjølvik
Noko å bita i etter møtet

Søndag 29. desember kl.17.00 frå skulen
Fogn IL sin romjulsmarsj med start på skulen. Me går løypa Bø - Høgaste - Erås - skulen
50 kr per deltakar, maks 150 kr per familie

Søndag 29. desember kl. 18.00 på skulen
Fogn IL sin tradisjonelle romjulscup i volleyball går av stabelen i gymsalen på skulen.
Blanda lag med minimum 2 menn/damer på kvart lag. Påmelding av lag frå 8. klasse og oppover på Fogn IL si side på Facebook eller til Pål på 97040089 seinast kvelden før. 
Viss du ikkje har lag, kan du melde deg på enkeltvis.

ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE!

Jul på Joker Fogn!

jojo4ojxnsirjid7fpaz.jpg

Søndag 22. desember vert det både julegrøt, besøk av julenissen og søndagsope på Joker Fogn! Grøten vert servert i lagerbygget mellom klokka 13.00-14.00, og det gratis grøt, saft og kaffi. Julenissen kjem innom ca. kl. 13.45 med godteposar til borna, og butikken er open frå kl. 14.00-18.00.

Det vert også i år sal av juletre (heilt fram til jul) og fyrverkeri (30.-31. desember).

Åpningstider i butikken:

Søndag 22.12: 14.00-18.00
Lille Julaften 23.12: 09.00-19.00
Julaften 24.12: 09.00-12.00
1. Juledag: STENGT
2. Juledag: STENGT
Fredag 27.12: 09.00-19.00
Laurdag 28.12: 09.00-18.00
Søndag 29.12: STENGT
Måndag 30.12: 09.00-19.00
Tysdag 31.12: 09.00-16.00
1. Nyttårsdag: STENGT

Velkommen til julehandel!

Juleavslutning for gjengen på Hobby og tru

Bilde 02.12.2019, 18 17 14.jpg

Annakvar måndag samlas ein god gjeng med born i alderen 1-6 år i kyrkja, for å vera med på Hobby og tru. Det er strengt tatt ikkje berre borna som samlast, sidan ein del har med seg føresette, og så tek Heidi imot alle saman i kyrkja. Her er det ei lita samling med litt fortelling og song, i tillegg til at det alltid er ein aktivitet.

Denne siste gongen før jul var det pepperkakebaking som sto på programmet. Mange hadde møtt opp, og baka ivrig i veg i kjellaren, før det var ei lita samling oppe i kyrkjerommet. Etterpå var det tid for å smaka på baksten, noko alle såg ut til setja stor pris på!

Ein fin avslutning, som de kan sjå nokre glimt frå i serien med bilete under:

Cupfinalen på storskjerm på skulen

2cbf4045-f4f4-4df8-ac99-2d518bd1478b (1).jpg

Søndag 8. desember frå klokka 12.25 blir det storskjermvisning av cupfinalen mellom Haugesund og Viking. Visninga blir på Fogn oppvekstsenter, og alle er hjarteleg velkomne! Det vert servering av pølse og brød klokka 13.00 og arrangør Fogn IL byr også på litt snacks til kampen!

I tillegg til at det vert ein spanande fotballkamp, kan ein også sjå etter kjende på tribunen, då det er mange frå både Fogn og andre øyar i kommunen som tek turen til hovudstaden for å sjå kamp denne helga. Men storskjermvisninga vert altså eit godt alternativ til dei som held seg på Fogn denne søndagen!

Arr: Fogn IL