Fine rammer rundt a-lagskampen

DSC_0033.JPG

Det var strålande sol, og blå himmel. Ambisjonane var store før denne kampen, og mange Fognbuar håpa på sesongens fyrste heimesiger. Men Sørmarka måtte slås fyrst. Den fyrste omgangen var svært jamn, men like før slutt gjekk Sørmarka opp i leiinga. I 2. omgong tok Sørmarka meir og meir grep om kampen. Sørmarka auka etterkvart til 0-3. Like før slutt fekk Fogn litt tak på kampen igjen. og Daniel Instanes på 15 år sette ballen i mål. Dessverre vart målet annulert for offside.

Neste heimekamp er mot Tjensvoll 2 30.09. 

Under kan du sjå nokre bilete frå kampen:

Konsert i kyrkja neste veke

Laurdag 30. september blir det konsert i Fogn kyrkje. Mange songarar med tilknytting til Fogn, kjem for å halde konsert.

Det blir blant anna innslag av Silje Sandanger, Helge Anglevik, Stine Runestad og Geir Eskeland, Anne Østhus, Kjersti Sandanger og Dag Olav Sæbøvåg, Anna Hovda Aanestad, Elin Underhaug Kanu, og klang v/ Daniel Esperås med flere.

Det koster 150,- pr. person. Maks 300,- pr familie.  Inntektene går til det nye flygelet i kyrkja. 

Under kan du sjå eit intervju med Wiktor Juul:

Klar for 7- og 4-toppstur?

Sundag 24. september arrangeres årets 7- og 4-toppstur. 7-toppsturen startar på Hovda klokka 12:00, og ein går over følgjande toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakulå og Varhaug. Dei fire sistnemnde toppane utgjer 4-toppsturen, og har start med skulen kl. 12:30. 

På dei fleste toppane ventar det ein "overaskelse" levert av ulike sponsorar til turen. Det er gratis å delta!

Under kan du sjå deler av fjorårets tur:

Hausttakkefest i kyrkja

Søndag 10. september var det Hausttakkefest i kyrkja. Alle born frå 1.-4. klasse hadde med seg frukt, som dei delte ut. Dette var også fyrste Gudsteneste leia av den nye presten Tor Egil. Det var innslag frå Tøff og Nådig.

Det vart også delt ut diverse bøker til born i 1.-4. klasse. Årets konfirmantar blei presentert, Karianne Østhus, Oda Marie Hovda, Ole Mathias Hovda, Magnus Hovda og Kristian Sandanger Iversen.

Under kan du sjå bilete:

Avsluttar turneen på Fogn!

Torolf.jpg

Øyposten kan melde om at far og son Nordbø, Torolf og Oskar, avsluttar sin sommarturnè på Fogn oppvekstsenter, onsdag 13. september. Duoen har i sommar turnert med konserten "Røter i fjord", og på onsdag set dei altså punktum på Fogn. 

Torolf Nordbø fortel at det kjem til  å verta nokre innslag frå hans alter-ego, "Han innante", i løpet av konserten, som startar klokka 19.30. 

Oskar.jpg

Det kostar 150 kroner for vaksne, 100 kroner for skuleungdom og maks 400 per familie å koma inn på konserten, som vert gjennomført i gymsalen på Fogn oppvekstsenter.

Konserten vert gjennomført med støtte frå Rogaland Fylkeskommune og Finnøy Kommune.

Bautaen til minne om Marta Jørgensdotter Eide er avduka

Sundag 3. september vart bautaen til minne om Marta Jørgensdotter Eide avduka. Bautaen står i det gamle tunet på Eide der Marta vart født og vaks opp. Ho var emigrant pioner, gift med Lars Larsen Jeilane. Han var leiaren for dei første utvandrarane frå Norge til Amerika, dei som reiste med Restaurationen frå Stavanger 4. juli 1825. Marta og Lars var kvekarar. Etter to månader på havet, den 2.september fødte Marta det første barnet sitt, ei jente som fekk namnet Margaret. Og enno var Marta og det vesle barnet ein heil månad til på sjøen før dei kom fram til New York 9. oktober.

Dei var 52 ombord då dei reiste frå Norge 53 då dei kom fram til Amerika.

Det møtte fram mykje folk som ville vera med på avdukinga og minnemarkeringa.

Alle fekk ein interessant og gild dag.

Det var ekstra stor stas at den nye Restauration kom til Eidsvågen den dagen, og hadde med seg mange tilreisande gjester. Historia om Marta og om Restauration høyrer saman.

Ole Jone Eide heldt tale ved bautaen. Det var svært interessant å høyra han snakka om Marta og livet hennar her på Eide, om reisa til Amerika ombord på Restauration og om livet hennar etter at dei kom til Amerika.

Bothild Eide Vågane avduka bautaen.

Det var Sigurd Vågane som reiste denne bautaen kort tid før han døydde. Han fann steinen på garden sin, tok han fram, la han på tillhengar og køyrde med traktor til Erfjord for å få innskrift på steinen. Då det var gjort laga han grunn og fundament og reiste steinen. Dette gjorde han så solid og sterkt att bautaen vil kunna stå der i all framtid.

I Amerika slo Marta og Lars seg ned i byen Rocheser. Der kalla dei seg Lars Larson og Martha Larson. Dei byggde seg etter få år eit stort hus. Og dei neste 15 åra tok dei mot ein aukande straum av utvandrarar. Dei hjelpte med mat og husrom og rettleing for den vidare ferda vestover i Kleng Person sine fotspor. Marta som husmor hadde hovudansvaret for å stella alle desse som kom. Ho gjorde det med stor omsorg og hjartevarme.

Kleng Person vert kalla Utvandriga sin Far. Når me tenkjer på kor mange Marta hjelpte i denne første tida, må det vera rett og kalla henne for Utvandringa si Mor. 

Under kan du sjå bilete: