Løyperekorden vart knust på Fognaløpet

IMG_3766.JPG

Det vart knytt stor spenning til årets Fognaløp. Det var mange gode løparar som stilte til start. Den største favoritten levde opp til forventningane, og knuste Lars Olav Brattabø sin løyperekorden frå 2011. Knut Harald Semb sprang rundt øya på 34.23. Ein svært imponerande prestasjon.

På 5km stakk 10. klassingen Jørgen Bø av med sigeren. Jørgen sprang på 21.56. I jenteklassen, vant Thea Rørheim, i år som i fjor. 5. klassingen sprang på 27.42. Drøye eit minutt bak, kom ein annan 5. klassing, Leah Sandanger.

Etterpå var det duka for Fognameisterskap. Mange born hadde møtt opp for å springa 60m, hoppa lengde og kaste liten ball. Det var mykje idrettsglede blant ungane. Alle fekk kvar sin medalje for å fullføre.

 

 

 

Under kan du sjå resultatliste (topp 3):

10 km menn:

  1. Knut Herman Semb – 34.23
  2. Jakob Bø – 41.14
  3. Ørjan Klev Ladstein – 44.27

5km menn:

  1. Jørgen Bø - 21,56
  2. Gaute Semb - 23,38
  3. Josef Bø - 23,50

5km damer

  1. Thea Hovda Rørheim - 27,42
  2. Leah Sandanger - 29,09
  3. Karianne Østhus 31,35

 

Bilder frå Fognaløp og -meisterksap:

Foto: Isabell Kvamsø, Jørgen Bø og Kristian Iversen

Fognameisterskap og Fognaløp til helga!

Søndag 3. september går årets Fognaløp og -meisterskap av stabelen. Kl 13.00 går startskotet for 5 og 10 km løypa, og idrettslaget oppfordrer alle (uansett alder) som liker å springe eller gå fort til å bli med. Det er også mogleg å stille med stafettlag dersom dette er ønskeleg. Startavgift for dei over 16 år er 100,- det vert premiering til vinnarar i dame- og herreklasse på begge distansar.

I målområdet vert det som vanleg god stemning, frukt og grønt! Det tradisjonsrike Fognameistermeisterskapet for born i alle aldrar starter kl.14.30, og her er det premiering til alle.

Velkommen til store og små!

Skjermbilde 2017-08-29 kl. 16.57.59.png

Årebasar på Erås

DSC_0250.JPG

Laurdag ettermiddag var det årebasar på Erås. I loven til Erås museum var det så godt som stinn brakke. Basaren vart innleia av Erik Rørtveit, som fortalde om prosjektet i Colombia. Han fortalde om særs mykje korrupsjon i Colombia. Etter Rørtveit hadde jobba ein del år i Colombia, var han glad for at vi i Noreg får dekka blant anna skule og helsevesenet, mot at me betaler skatt. 

Det var også sal av kaker og kaffi.

Deretter var det duka for åresal.  Det vart sal av årer i 3 omgangar. Mange fine gevinstar vart utlodda. Elektronisk trekking og moglegheit for Vipps til dei som hadde gløymt kontanter.  

Ingunn Berg hadde og i år, strikka flotte dokkeklede. For å vinne desse, tok du lodd i ei eiga loddbok. Vinnaren vart verten sjølv, Malvin Sandanger.

Du kan lese meir om prosjektet ved å klikke her

Under kan du sjå bilete:



 

Tap, men oppløftande spel

Fogn - Madla 3: 2-4: Fredag 25. august gjesta Madla 3 Fogn stadion. I strålande sol vart 1. omgang sparka i gong. Eit godt stykke ut i omgangen kom kampens fyrste mål. Madla gjekk opp i leiinga. Like etter reduserte Lars Olav, og fognabuane vart i godt humør igjen. Like før pause scora Madla enda eit mål, og kunne difor gå med ein godfølelse til pause. Godfølelsen tok dei med seg langt ut i 2. omgang også. Etter kvart vart stillinga 4-1. Like før slutt scora Ørjan Bø Måkestad eit trøstemål for Fogn. 

Neste heimekamp er mot Sola 3, 8. september.

Under kan du sjå nokre bilete frå kampen:

Innhaldsrik helg i vente

Kommande helg blir ei skikkeleg "kulturhelg".

Fredag 25. august

Fogn IL sitt A-lag kjempar i botnen av pulja si i år, men har tru på 3 kjærkomne poeng i heimekampen mot Madla 3, som har avspark ca. klokka 18.45 på Fogn stadion. Kom og hei fram dei mørkeblå til siger!

Lørdag 26. august

Laurdag brakar det laus med kulturbasar på Erås museum. Dørene åpner klokka 13.00. Erik Rørtveit kjem og informerer om prosjektet i Colombia, kl. 13.30. Sal av lodd frå kl. 14.00.

Seinare denne dagen blir det konsert med Flekkerøyguttene, i Fogn Kyrkje. Konserten startar 20.30, og det er kaffi i kjellaren etterpå.

Sundag 27. august

Viss du går glipp av konserten på laurdagskvelden, får du ein ny sjanse klokka 11.00 i Fogn kyrkje. Då vert det ein songgudsteneste ved Flekkerøyguttene, etterfulgt av lapskaus i kyrkjekjellaren!

Kulturbasar.jpg