Bautaen til minne om Marta Jørgensdotter Eide er avduka

Sundag 3. september vart bautaen til minne om Marta Jørgensdotter Eide avduka. Bautaen står i det gamle tunet på Eide der Marta vart født og vaks opp. Ho var emigrant pioner, gift med Lars Larsen Jeilane. Han var leiaren for dei første utvandrarane frå Norge til Amerika, dei som reiste med Restaurationen frå Stavanger 4. juli 1825. Marta og Lars var kvekarar. Etter to månader på havet, den 2.september fødte Marta det første barnet sitt, ei jente som fekk namnet Margaret. Og enno var Marta og det vesle barnet ein heil månad til på sjøen før dei kom fram til New York 9. oktober.

Dei var 52 ombord då dei reiste frå Norge 53 då dei kom fram til Amerika.

Det møtte fram mykje folk som ville vera med på avdukinga og minnemarkeringa.

Alle fekk ein interessant og gild dag.

Det var ekstra stor stas at den nye Restauration kom til Eidsvågen den dagen, og hadde med seg mange tilreisande gjester. Historia om Marta og om Restauration høyrer saman.

Ole Jone Eide heldt tale ved bautaen. Det var svært interessant å høyra han snakka om Marta og livet hennar her på Eide, om reisa til Amerika ombord på Restauration og om livet hennar etter at dei kom til Amerika.

Bothild Eide Vågane avduka bautaen.

Det var Sigurd Vågane som reiste denne bautaen kort tid før han døydde. Han fann steinen på garden sin, tok han fram, la han på tillhengar og køyrde med traktor til Erfjord for å få innskrift på steinen. Då det var gjort laga han grunn og fundament og reiste steinen. Dette gjorde han så solid og sterkt att bautaen vil kunna stå der i all framtid.

I Amerika slo Marta og Lars seg ned i byen Rocheser. Der kalla dei seg Lars Larson og Martha Larson. Dei byggde seg etter få år eit stort hus. Og dei neste 15 åra tok dei mot ein aukande straum av utvandrarar. Dei hjelpte med mat og husrom og rettleing for den vidare ferda vestover i Kleng Person sine fotspor. Marta som husmor hadde hovudansvaret for å stella alle desse som kom. Ho gjorde det med stor omsorg og hjartevarme.

Kleng Person vert kalla Utvandriga sin Far. Når me tenkjer på kor mange Marta hjelpte i denne første tida, må det vera rett og kalla henne for Utvandringa si Mor. 

Under kan du sjå bilete: