Stemningsfull innsynging av jula!

Søndag 18. desember vart jula sungen inn i Fogn kyrkje. Sjølv om gradestokken viste godt over på plussida og det var meir grønt enn kvitt, kom mange i julestemning alt før dei kom inn i kyrkja. Utanfor var det nemleg både faklar, og ein liten "stall" i fjellet, med ei krybbe i (sjå biletet over). På innsida av kyrkjedørene venta flott korsong og gruppesong frå både vaksne og born, i tillegg til både forteljing- og diktlesning. Når det i tillegg var lagt inn fleire allsongar som mange song for første gong denne jula, kan vi ikkje forstå anna enn at dei aller fleste fekk seg ein god dose julestemning denne kvelden! 

Under er det som vistnok skal seie meir enn 21 000 ord, nemleg 21 bilete frå arrangementet:

Populær nisse!

Laurdag 17. desember var det annonsert både julegraut, quiz, sal av juletre og besøk frå Nordpolen til Fogn, noko som trakk mange folk ut denne siste laurdagen før julaften. Fogn Handel hadde rigga til med bord, graut og julemusikk inne i lageret utanfor butikken. Der var det også quiz i regi av Øyposten sin utsending Oddvar Vignes. Den same Oddvar var ikkje å sjå då julenissen dukka opp like før klokka 13.00, saman med ein kasse full av godteposar. Då flokka borna seg saman på eit blunk, og det kunne sjå ut som om dei hadde vore snille i år, heile gjengen. Dei svara i alle fall ja på julenissen sitt obligatoriske spørsmål før han delte ut godteposar til alle borna!

Det er vanskeleg å seie kor mange som var innom arrangementet i løpet av dei to timane det sto på, men at det var godt over 100 personar er det ingen tvil om! Under er fleire bilete frå den kjekke samlinga:

Kjempekjekk juleverkstad!

Torsdag 8. og fredag 9. desember gjekk årets juleverkstad av stabelen på Fogn oppvekstsenter. Dette er eit av dei absolutte høgdepunkta gjennom året for mange blant både born og vaksne, noko det også vart i år!

Som vanleg skulle elevane innom fire varierte stasjonar i løpet av dei to dagane verkstaden varte. Det var baking på kjøkkenet, produksjon av treleike på formingsrommet, på 5.-7. klasserommet fekk dei laga eit trespel av drivved, medan det på 3.-4. klasserommet skulle produserast ein figur som skulle førestilla Maria, Josef og Jesusbarnet. Alle viste god innsats og resultata vart flotte! Nokon vart fort ferdige, og då var det lov å halda på med alternative aktivitetar som t.d. stikkball i gymsalen eller sjakk på SFO-rommet.

På fredagen var også barnehagen involvert i juleverkstaden. Først kom dei gåande utkledde som Santa Lucia, song for alle elevane, og delte ut lussekattar. Deretter spiste heile oppvekstsenteret julegraut saman i foajeen. To mandler var gøymt i grauten, og det var Elin og James som fann dei dette året!

Tusen takk for ein flott juleverkstad til både born og tilsette! Ein ekstra stor takk til føresette som har vore med og bidrege med kakedeigar, julegraut og dugnadsinnsats gjennom juleverkstaden!

Nedst i saka er fleire bilete frå dei to dagane.

Tekst: Håvard Østhus, rektor Fogn oppvekstsenter

Gjentok suksessen frå i fjor!

Det er berre å finna fram hatten, slik at ein har ein hatt å ta av seg for prestasjonen til Halvard Bøe! Halvard, som vann prisen for årets landbruksvideo på nettstaden traktor.no i fjor, har nemleg gjort det kunststykket å vinna for andre år på rad! Juryen seier i år dette om videoen som 18-åringen frå Fogn har sendt inn:

Halvards video er ekstremt variert med bilder av både maskiner og dyr. Den skildrer godt hvordan livet som ung landbruksengasjert sjel er i praksis. Han tar oss med både på jobb og fritid, og viser gjennom det hvilken livsstil det er å være bonde.

Les heile saka hjå Traktor.no ved å klikka her.

I ein kort uttale til Fogn.org svarar Halvard nokså nøkternt og med begge beina på jorda slik på det obligatoriske sportsspørsmålet: "Kva føler du no?":
Nei, eg er nå glad for dette...

Halvard kan, i tillegg til å kalla seg dobbeltvinnar av årets landbruksvideo, sjå fram til å motta ein arbeidstelefon frå Cat, modellen S60, eit gåvekort frå Norges Bondelag, eit Pop@Work hørselvern med DAB-radio og ein traktor-caps.

Vi gratulerer Halvard så mykje med sigeren, og oppfordrar alle til å sjå videoen hans, som ligg under:

Julegrantenning med meir på butikken!

1. søndag i advent var det tenning av julegrana ved butikken på Fogn. I tillegg til julegrantenninga, var det "avduking" av nye bilete inne i butikken, og opning av den nye møteplassen utanfor butikken. Ein gigantisk nisse var og med og sette julestemningen denne ettermiddagen.

Mange folk hadde møtt opp, noko som kom best fram då butikken plutseleg vart smekkfull etter at folk fekk beskjed om å trekkja inn for å sjå på avduking av dei nye bileta. Desse tre bileta heng på butikken, og syner nokre av dei lokale produsentane på Fogn. Det var også slik at fleire av dei som var avbilda sto for sjølve avdukinga. 

Den nye uteplassen vart offisielt opna like etter avdukinga. Denne plassen kjem til å stå open , slik at folk har høve til å vere der, også utanfor butikken sine opningstider. Plassen består av ein betongplatting med to store rottingsofaer. Alt er glassa  inn, men dei mange skyvedørene gjer at ein kan opna og lukka nesten heile frontveggen om ein skulle ynskje det.

Til slutt var det tenning av julegran og julelys elles på butikken, etter at folkemengda hadde talt ned frå 10. Sjå fleire bilete av det som skjedde i serien under:

Innhaldsrik helg i vente!

At det skjer ein heil del på Fogn, er ikkje noko nytt. Den komande helga er på ingen måte noko unnatak, med mange ulike arrangement!

Fredag 25. november kl. 18.00 - Guttelagsbasar på bedehuset

Fredag før første søndag i advent betyr guttelagsbasar på Fogn. I år kjem Åshild Gard frå Talgje for å ha andakt, og det vert gratis boller, saft og kaffi. Det er mange gevinstar i loddtrekninga, mellom anna fire akebrett av typen "Snow racer" og to gåvekort frå XXL på 500 kroner kvar. I tillegg har jo gutane laga diverse treting som vert lodda ut.

Arr: Fogn guttelag/gutteklubb

 

Laurdag 26. november kl. 11.00 - Historieforedrag i kyrkjekjellaren

Ein annan talgjebu, Berner Meling, kjem til kyrkjekjellaren for å fortelje om vekkinga på Fogn på tidleg 1900-talet. Kvifor møtte den nye forkynninga meir motstand på Fogn enn på Finnøy og Talgje? Og går det an å finne svaret?
Det blir servering av lapskaus, og høve til spørsmål etter maten.

Arr: Ansvarskomiteen i kyrkja

a

Laurdag 26. november kl. 18.00 - Reflekstur frå skulen

Fogn IL arrangerer sin årlege reflekstur, i ei løype som går frå skulen og ender opp ved kyrkja. Det er hengt opp refleksar langs løypa, og dei som deltek kan nytta medbrakte lykter for å finna både refleksane og løypa. 

Arr: Fogn IL

 

Søndag 27. november kl. 10.30 - "Lys vaken-gudsteneste" i kyrkja

"Lys vaken-gudstenesten" er ein gudsteneste litt utanom det vanlege. 6. klassingar frå heile kommunen deltek, og dei har vore meir eller mindre lys vakne natta før gudstenesten. Terje Engstrøm er prest, og konfirmantane deltek også.

 

Søndag 27. november kl. 16.00 - Tenning av julegran++ på butikken

Butikken er open frå klokka 16.00-18.00, og det skjer diverse program i denne tida. Klokka 16.30 er det "avduking" av bilete inne på butikken. På bileta er det fleire lokale produsentar. 

Klokka 17.00 vert det opning av den nye møteplassen og tenning av julegrana. 

Det blir gratis kaffi, gløgg, klementiner, julekaker osv.

Arr: Fogn Handel

 

Søndag 27. november kl. 19.00 - Temamøte på bedehuset

Bonde og teolog Sølve Salte kjem med foredraget sitt "Bibelen eller biskopene?". Det vert enkel servering, og høve til spørsmål og samtale.

Bedehusforeningen, som arrangerer møtet, understreker at dette ikkje er eit medlemsmøte, men eit møte der alle som ynskjer å koma er hjarteleg velkomne.