Gjentok suksessen frå i fjor!

Det er berre å finna fram hatten, slik at ein har ein hatt å ta av seg for prestasjonen til Halvard Bøe! Halvard, som vann prisen for årets landbruksvideo på nettstaden traktor.no i fjor, har nemleg gjort det kunststykket å vinna for andre år på rad! Juryen seier i år dette om videoen som 18-åringen frå Fogn har sendt inn:

Halvards video er ekstremt variert med bilder av både maskiner og dyr. Den skildrer godt hvordan livet som ung landbruksengasjert sjel er i praksis. Han tar oss med både på jobb og fritid, og viser gjennom det hvilken livsstil det er å være bonde.

Les heile saka hjå Traktor.no ved å klikka her.

I ein kort uttale til Fogn.org svarar Halvard nokså nøkternt og med begge beina på jorda slik på det obligatoriske sportsspørsmålet: "Kva føler du no?":
Nei, eg er nå glad for dette...

Halvard kan, i tillegg til å kalla seg dobbeltvinnar av årets landbruksvideo, sjå fram til å motta ein arbeidstelefon frå Cat, modellen S60, eit gåvekort frå Norges Bondelag, eit Pop@Work hørselvern med DAB-radio og ein traktor-caps.

Vi gratulerer Halvard så mykje med sigeren, og oppfordrar alle til å sjå videoen hans, som ligg under:

Julegrantenning med meir på butikken!

1. søndag i advent var det tenning av julegrana ved butikken på Fogn. I tillegg til julegrantenninga, var det "avduking" av nye bilete inne i butikken, og opning av den nye møteplassen utanfor butikken. Ein gigantisk nisse var og med og sette julestemningen denne ettermiddagen.

Mange folk hadde møtt opp, noko som kom best fram då butikken plutseleg vart smekkfull etter at folk fekk beskjed om å trekkja inn for å sjå på avduking av dei nye bileta. Desse tre bileta heng på butikken, og syner nokre av dei lokale produsentane på Fogn. Det var også slik at fleire av dei som var avbilda sto for sjølve avdukinga. 

Den nye uteplassen vart offisielt opna like etter avdukinga. Denne plassen kjem til å stå open , slik at folk har høve til å vere der, også utanfor butikken sine opningstider. Plassen består av ein betongplatting med to store rottingsofaer. Alt er glassa  inn, men dei mange skyvedørene gjer at ein kan opna og lukka nesten heile frontveggen om ein skulle ynskje det.

Til slutt var det tenning av julegran og julelys elles på butikken, etter at folkemengda hadde talt ned frå 10. Sjå fleire bilete av det som skjedde i serien under:

Innhaldsrik helg i vente!

At det skjer ein heil del på Fogn, er ikkje noko nytt. Den komande helga er på ingen måte noko unnatak, med mange ulike arrangement!

Fredag 25. november kl. 18.00 - Guttelagsbasar på bedehuset

Fredag før første søndag i advent betyr guttelagsbasar på Fogn. I år kjem Åshild Gard frå Talgje for å ha andakt, og det vert gratis boller, saft og kaffi. Det er mange gevinstar i loddtrekninga, mellom anna fire akebrett av typen "Snow racer" og to gåvekort frå XXL på 500 kroner kvar. I tillegg har jo gutane laga diverse treting som vert lodda ut.

Arr: Fogn guttelag/gutteklubb

 

Laurdag 26. november kl. 11.00 - Historieforedrag i kyrkjekjellaren

Ein annan talgjebu, Berner Meling, kjem til kyrkjekjellaren for å fortelje om vekkinga på Fogn på tidleg 1900-talet. Kvifor møtte den nye forkynninga meir motstand på Fogn enn på Finnøy og Talgje? Og går det an å finne svaret?
Det blir servering av lapskaus, og høve til spørsmål etter maten.

Arr: Ansvarskomiteen i kyrkja

a

Laurdag 26. november kl. 18.00 - Reflekstur frå skulen

Fogn IL arrangerer sin årlege reflekstur, i ei løype som går frå skulen og ender opp ved kyrkja. Det er hengt opp refleksar langs løypa, og dei som deltek kan nytta medbrakte lykter for å finna både refleksane og løypa. 

Arr: Fogn IL

 

Søndag 27. november kl. 10.30 - "Lys vaken-gudsteneste" i kyrkja

"Lys vaken-gudstenesten" er ein gudsteneste litt utanom det vanlege. 6. klassingar frå heile kommunen deltek, og dei har vore meir eller mindre lys vakne natta før gudstenesten. Terje Engstrøm er prest, og konfirmantane deltek også.

 

Søndag 27. november kl. 16.00 - Tenning av julegran++ på butikken

Butikken er open frå klokka 16.00-18.00, og det skjer diverse program i denne tida. Klokka 16.30 er det "avduking" av bilete inne på butikken. På bileta er det fleire lokale produsentar. 

Klokka 17.00 vert det opning av den nye møteplassen og tenning av julegrana. 

Det blir gratis kaffi, gløgg, klementiner, julekaker osv.

Arr: Fogn Handel

 

Søndag 27. november kl. 19.00 - Temamøte på bedehuset

Bonde og teolog Sølve Salte kjem med foredraget sitt "Bibelen eller biskopene?". Det vert enkel servering, og høve til spørsmål og samtale.

Bedehusforeningen, som arrangerer møtet, understreker at dette ikkje er eit medlemsmøte, men eit møte der alle som ynskjer å koma er hjarteleg velkomne. 

 

 

 

Mykje kjekt på butikken framover!

Julevarene er komt på plass i butikken, og julestemninga begynner og komme!

Mange har nok og fått med seg at det har skjedd litt ting utanfor butikken. Det er blitt støypt dekke, og kommet to nye sofagrupper. I løpet av veka blir alt dette kledd med glass dører/vegger og blir ein flott ny møteplass!

Framover skal det skje veldigt mykje kjekt, så det er viktigt å sette av følgende dagar. 

Søndag 27 november blir butikken åpen ifrå kl 16-00 til 18.00

 Kl 16.30 blir det "avduking" av bilder inne i butikken. På desse bildene er detfleire lokale produsentar. 

 Kl 17.00 blir det åpning av den nye møteplassen, og tenning av julegrana. 

 Det blir gratis kaffi, gløgg, klementiner, julekaker osv.

Lørdag 17 Desember blir det julegrøt inne i lagerbygget, dette blir samarbeid med Øyposten som blir med oss. 

Meir info om denne dagen vil komme når det nærmar seg.

 Det blir og salg av juletre (edelgran) denne dagen. Me kan ta imot bestilling på tre allerede nå. Alle som bestiller tre og som kjøper den 17 des får det gratis heimkjørt.

Nytt dette året er at det blir salg av fyrverkeri sjå oss på butikken. 

Dette vil skje 30. og 31. des i butikken si åpningstid. Info og tilbudsavis om dette kjem i postkassane når det nærmar seg.

Velkommen til kjekke dagar, og ein trivelig handel på butikken

Tekst/Foto: Øyvind Sandanger

Elevbedrift sel mat på Fogn i veke 47!

I veke 47 skal elevane på biletet, i tillegg til to elevar frå Talgje, ha sal av mat frå eiga kantine på Fogn oppvekstsenter. Elevane går til dagleg i 9. klasse på Finnøy sentralskule, men i veke 47 skal dei altså byte blyant og skrivebøker med sleiv og bakebolle! Elevbedrifta, som har fått namnet "Jørgen og damene", har dette tilbodet til elevar og tilsette ved Fogn oppvekstsenter i matfriminuttet neste veke:

Måndag 21. november

Skulebolle: 20 kr. 
Kakao med krem: 10 kr.

Tysdag 22. november

Fruktsalat med vaniljesaus: 20 kr.

Onsdag 23. november

Pizzabolle: 20 kr.
1 glas saft er gratis ved kjøp av pizzabolle. Berre saft kostar 5 kr.

Torsdag 24. november

Skulebolle: 20 kr. 
Kakao med krem: 10 kr.

Fredag 25. november

Pizzabolle: 20 kr.
1 glas saft er gratis ved kjøp av pizzabolle. Berre saft kostar 5 kr.

"Jørgen og damene" tek imot bestilling på pizzabollar frå alle som ynskjer det. Det kostar 150 kroner for ein pose med 10 pizzabollar. Bestillinga må skje før klokka 14.00 dagen før du vil ha varene, og så kan dei hentast på oppvekstsenteret mellom klokka 12.00-14.30. Dersom du ynskjer å få levert pizzabollene på døra mellom klokka 12.00 - 16.30, så kostar dette 50 kroner ekstra per bestilling. 

Bestilling skjer til marknadssjef Ida på telefon 916 57 391.

Vi ynskjer bedrifta lukke til!

Fleire Dorperar på veg!

Tysdag 8. november og onsdag 9. november vart det til saman lagt inn 200 embryo av saureasen Dorper på garden til John Runestad. 130 av desse var vanlig Dorper (svart hovud), medan dei siste 70 var kvit Dorper. Embryoa vart lagt inn i sauene til John Runestad og Rune Opsal.
 
Dette er ei fortsetting av avlsarbeidet frå i fjor med nye gener frå Australia slik at vidare avl på eigne dyr kan fortsette neste år.
Innlegget av embryo vart gjort av veterinær frå Australia (Michylla Seal) med assistent. Dyra var klargjort for embryooverføring av Dag Aasland.
Fleire personer var innom fjoset og observerte innlegget av embryo, blant desse var dei to nyinnflytta fognabuane og dyrlegane Marita Sandanger og Sondre Sørheim som fekk tips og informasjon frå den australske dyrlegen.

Nå er det berre å  vente i spenning til våren og lemminga for å se kor mange lam som blir født!

Tekst og bilete: Ivar Opsal