Kurt Hjemdal taler på Fogn i helga

Det har nærmast vorte ein tradisjon at Kurt Hjemdal kjem til Fogn ei helg i året for å ha møter på bedehus og i kyrkja. I år kjem Kurt helga 11.-13. november, og han skal tale over ulike emne frå Johannesevangeliet, med overskrifta "Å se Guds herlighet". Møteplanen for helga ser slik ut:

Fredag kl. 19.30 på bedehuset - "Kom og se"

Laurdag kl. 18.00 på bedehuset - "Veien til frelse"

Det vert servert kaffi og kaffimat mellom møta på laurdagen

Laurdag kl. 19.30 på bedehuset - "Brødet fra himmelen"

Søndag kl. 11.00 i kyrkja - Gudsteneste med fokus på dagens tekst frå Lukas 13, 10-17.

Alle er hjarteleg velkomne!

Arr: Normisjon v/ Joar Sandanger

Mange fann "gull" på solidaritetsaksjonen!

Det var nok ikkje alle som studerte "loppene" så grundig som Dag Olav Sæbøvåg (biletet), men likevel var det mange som fann noko dei ville ha både på loppemarknaden, og elles på dei ulike stasjonane under årets solidaritetsaksjon på Fogn oppvekstsenter!

I år samla elevane inn pengar til born i Laos, slik at desse skal få kunne gå på skule, akkurat slik som borna i Noreg får lov til. Og det sto ikkje på kreativiteten til elevane når det gjaldt måtar å samla inn pengar på! Nytt av året var både spøkelseshus og "bottleflip", i tillegg til at dei hadde leita fram lykkehjulet som vanlegvis berre vert brukt på 17. mai. I tillegg var det "gamle slagarar" som "Hud og hår", loppemarknad, sal av ymse ting, loddsal og sal av mat, kaker og kaffi. Barnehagen var òg på butikken tidlegare torsdag, og solgte lappar i anledning aksjonen. Til saman kom det inn 20 166 kroner til borna i Laos, ny innsamlingsrekord for aksjonen, og første gong over 20 000 kroner!

Stemningen var særs god i både førebuingar og under sjølve aksjonen, noko som best kan beskrivast gjennom bileta i serien under:

Søndagstur til helga

På Søndag 30. oktober blir det ny Søndagstur.
Turen går denne gong til Finnøy, og Teigen. Der e det mange flotte turstiar, og fine ting og sjå. Det blir og mulighet for grilling. Det blir og litt aktivitetar/konkurransar. Ta med bilen, eller avtal med andre å kjør ilag. Ferja går 11.40 frå Fogn. Heim igjen er det fleire mulighetar utover ettermiddagen.
Håpar mange blir med!

Arr: Helselaget, Idrettslaget og Speidaren

Solidaritetsaksjon på torsdag

På torsdag 27. oktober klokka 16.30-18.30, går den årlege solidaritetsaksjonen av stabelen på Fogn oppvekstsenter. Her kan alle som vil koma og få kjøpt seg middag (mexicansk tomatsuppe med diverse tilbehør), kaker, kaffi, popcorn og saft! I tillegg vert det ulike aktiviteter i gymsalen, og ein her vert det også sal av diverse. 

Også i år vert det loppemarknad, der folk kan kjøpa gamle ting for ein billig penge! Dersom nokon har lopper dei vil bli kvitt, kan dei senda dette med elevar, eller levera det på skulen innan onsdag 26. oktober. Har nokon behov for henting av lopper, så kan dei kontakta Sebastian Torgersen på 95 81 00 03. 

Det vert også loddsal med utlodning mot slutten av aksjonen. Alle inntektene frå årets aksjon går til borna i Laos, slik at fleire av dei kan få gå på skule.

ALLE er hjarteleg velkomne!

Flott feiring av kyrkja vår!

I og med at kyrkja på Fogn vart innvia hausten 1991, var det i helga tid for å feire 25-åringen, noko som vart gjort til gagns! 

Laurdag kveld hadde sjølvaste Rune Larsen konsert med tittelen "Frå rockens konge til Kongenes konge". Larsen baud, saman med to musikarar, på både kjende og kjære songar, men også nokre nyare låter. Alt verka til å falla i smak hjå dei omlag 130 frammøtte, som i tillegg til konsert fekk med seg ein imponerande kveldsmat "med noko attåt" i kyrkjekjellaren til langt ut på kvelden!

På søndag var det tid for gudsteneste, der ikkje mindre enn fire noverande og tidlegare prestar i Talgje sokn deltok. Både Anders Kvalevåg, Terje Engstrøm, Gunnar Frøyland og Erik Rørtveit hadde tatt turen til kyrkja, saman med omlag 150 andre. Under sjølve gudstenesta var det song av både barnekoret TøfFOGNådig, og Fognakoret, i tillegg til at "bursdagsfesten" vart markert med ballongar under preika til Gunnar Frøyland! 

Også på søndagen gjekk turen ned i kyrkjekjellaren etter samlinga oppe. Her vart det servert lapskaus, kaffi, kaker og dessertar, medan mange var framme ved mikrofonen for å koma med helsingar til "jubilanten"! Under kan de sjå bilete frå både konserten på laurdag og samlinga på søndagen: