Ny visning av Fogn - hold av datoen!
/For 10 år sidan, i 2016, var det “Visning på Fogn” der folk vart invitert for å sjå mykje av det øya hadde å by på! Dette vart ein stor suksess og Aftenbladet skreiv fleire saker om arrangementet.
10 år etter, i 2026, nærmar Fogn seg “all time high” i innbyggartal, og manglar berre 37 personar på å nå Grendalaget sin visjon om 400+ innbygjarar. Kva er vel då betre enn å køyre ein ny visning av øya?
Det er mange avklaringar som gjenstår rundt arrangementet, men datoen er fastsett, så den er det berre å merka seg i kalenderen:
Laurdag 29. August 2026!
Meir info kjem!