Oppdatert: Isen er måka for snø :)

NYMÅKA IS PÅ TORVMYRA!

OPPDATERT 08.01.26: Øyvind Sandanger har vore og måka isen, så den fungerer godt til skøyting, sjølv om det har kome snø etter den første utgåva av denne saka.

——-

Etter å ha blitt målt til 9,5 cm laurdag morgon, var isen på Torvmyra (ovanfor kyrkja, i retning Ørnakula) trygg søndag 4. januar, noko mange nytta seg av! Både unge og gamle fekk testa ut skøytene igjen, og når Øyvind Sandanger tok bryet med å flytta ein stor grill opp til isen, vart det ein topp dag på alle vis!

Nå ser det ut for at isen vil forbli trygg i fleire dagar framover, og grillen blir ståande der oppe, så folk kan berre ta med grillkull og tennvæske + det dei vil grilla i det vinterlege veret vi har for tida!

Grillen blei frakta over isen, for å plasserast i solhellinga ved torvmyra

Syver og sakkeus i fint driv

Ruben Fjell har ikkje gløymt gamle kunster!

Utdeling av stjerneskudd før første oppskyting

Spleisen til inntekt for fellesfyrverkeri på Fogn nådde målet på 20 000 kroner lille nyttårsaften, og Trond Egil Sivertsen har vore på handletur i byen og kjøpt inn ein stor ladning sprengstoff! Biletet over viser noko av dette :)

Trond Egil kan melda om at dei også fekk med seg mykje stjerneskudd og vernebriller, som blir delt ut til born som kjem tidleg til første oppskyting, som skjer klokka 19.00.

Velkommen til oppskyting både klokka 19.00 (og kom gjerne tidleg til denne) og ved midnatt!

Bli med og spleis på fellesfyrverkeri!

Også i år drar Trond Egil Sivertsen og hans gode medhjelparar i gang felles fyrverkeri ved Fogn oppvekstsenter, med to oppskytingar på nyttårsafta!

Det er ikkje få som har fått med seg desse showa dei siste åra, og kvar gong er det mykje godlyd i etterkant! Med eit spesialtilpassa “familieshow” kl. 19.00 får også dei yngre barna med seg flott fyrverkeri, før den store finalen går av stabelen ved midnatt!

Skal det bli bra fyrverkeri, trengst det pengar til innkjøp, og her kan alle som vil vere med og bidra! Berre klikk her for å støtta spleisen!

NB! Trond Egil håper folk er tidleg ute og bidreg, med tanke på både planlegging og innkjøp!