Eit sikkert teikn på at advent nærmar seg!
/Vi er gode på tradisjonar på Fogn, og ein etterkvart nokså gammal tradisjon er at guttelaget arrangerer sin basar på bedehuset, fredag før 1. søndag i advent! Sjå informasjon på plakaten under:
Din portal til perla i Ryfylke!
Praesent commodo cursus magna, vel scelerisque nisl consectetur et. Curabitur blandit tempus porttitor. Fusce dapibus, tellus ac cursus commodo, tortor mauris condimentum nibh, ut fermentum massa justo sit amet risus. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum.
Vi er gode på tradisjonar på Fogn, og ein etterkvart nokså gammal tradisjon er at guttelaget arrangerer sin basar på bedehuset, fredag før 1. søndag i advent! Sjå informasjon på plakaten under:
Bilete frå frukosten i 2024
Søndagsskulen inviterer til søndagsskulefrukost på bedehuset, 9. november kl. 10.00! Både born og vaksne er hjarteleg velkomne til å bli med på opplegget, som startar med sjølve frukosten, før det etterkvart blir eit “søndagsskuleopplegg”.
Hilsen oss i Søndagsskulen og Søndagsringen
Fogn Misjonsforsamling informerer:
På lørdag 1. november er det igjen tid for årets kyrkjebasar. I tillegg til infoen på plakaten under, kan det nemnast at det vert loddsal ved butikken lørdag frå kl. 10-12.
Solidaritetsaksjonen på Fogn skule er eit positivt tilbod på alle vis!
Det vert samla inn pengar til eit godt formål
Elevane får ein “annleis skuledag” med nye oppgåver
Folk på Fogn får moglegheit til ein særs sosial lunsj, med tilhøyrande handlerunde og aktivitetstilbod, på ein heil vanleg kvardag :)
Sjå informasjon frå skulen under:
“Symaskin i kyrkja” har vore eit populært tilbod etter at det starta som ei “prøveordning” for ei tid tilbake. No er det bestemt at dei held fram under nytt namn!
‘Ta vare på ‘ er eit viktig begrep i tida. -Ta vare på kvarandre, ta vare på miljøet, ta vare på det me har, få ting til å vara lenger.
Derfor held me fram med prosjektet vårt i kyrkjekjellaren.
Du kan ta vare på mykje dersom du har èin symaskin.
-Har du klær eller andre ting som treng nytt liv eller litt oppstasing?
-Det som er ødelagt fikse me.
-Det hender og at me har liggjande ting me har begynt på og som aldri blei ferdige, -kanskje tida er kommen for å ta det fram igjen?
-Dersom du vil ha hjelp til litt kreative løysingar,- så tenkjer me saman og får til det og.
Det er alltid kjekkare og meir inspirerande å gjera ting saman.
— Me treffest i kyrkjekjellaren annankvar torsdag mellom kl.18.00 og 20.00. Me tar oss alltid tid til èin kaffikopp og litt drøs.
Velkommen.
Arr. Helselaget, husflidslaget og kyrkja
Powered by Squarespace