Tett program på Fogn i helga!

Det er ikkje uvanleg at det skjer mykje på Fogn, og denne helga er ikkje noko unnatak!

Fredag 4. april kl. 17.00 - Innebandy for damer i gymsalen
Dette er eit nystarta tilbod i regi av Fogn IL, og er for damer frå og med 8. klasse og oppover!

Laurdag 5. april frå kl. 10.00 - Dugnad på og ved Fogn bedehus
Den årlege vårdugnaded både inne i og utanfor bedehuset. Servering av pølser kl. 13.00!

Laurdag 5. april kl. 15.45 - Fotballkamp på Fogn Stadion
Årets første heimekamp i serien for A-laget, når dei møter Sunde 2 i 7. divisjonsoppgjeret!

Laurdag 5. april kl. 19.00 - Lovsongsmøte i kyrkja

Søndag 6. april kl. 11.00 - Søndagsmøte, søndagsskule og -ring på bedehuset
Vanleg søndagsmøte med andakt av Håvard Østhus. Søndagsskule og søndagsring for borna i kjellaren under møtet. Noko å bita i der nede etterpå.

Søndag 6. april kl. 17.15 - “Lat øyra få høyra” i kyrkja

Søndag 6. april kl. 20.00 - Kveldsbøn i kyrkja
Enkelt arrangement med kveldsbøn frå kl. 20.00-20.45

Klart for den store innvielsesfesten!

På laurdag 5. april, frå klokka 12.00-20.00 er det klart for den store innvielsesfesten av Fognbuen Matan Shapiro sitt nye konsept “Subversity” på Judaberg! Matan har alt drive på og tilbudt VR-opplevingar i ca. ein og ein halv månad, men no er det altså klart for “skikkeleg opning”!

Matan lovar gratis VR-opplevingar for unge og gamle, musikk, snacks og mykje god stemning!

Velkommen til Subversity sine lokaler i Rygjabøvegen 10 på Judaberg (Finnøy)!

Glimt frå "Kortreist" på Naustet!

Laurdag 29. mars kom det hundrevis av besøkjande til Naustet til Ole og Oddbjørg, i høve deltakinga på matfestivalen “Kortreist”! Rapportane fortel at det var godt med folk i heile opningstida, og fleire av bidragsytarane blei utselt for varene som var av både spiseleg og “drikkeleg” slag!

Ein ekstra takk til Oddbjørg og Ole, som sto på heile dagen (og i både for- og etterkant) og dei mange som stilte med kortreiste matvarer til salgs!

Dette må kunne seiast å ha vore ein ubetinga suksess, noko bileta i serien under også tyder på!

Kva skal pengane gå til?

Fogn IL sin årlege påskebasar er ikkje langt unna, og nyleg vedtok årsmøtet i idrettslaget kva pengane frå basaren skal gå til.

Denne gongen har Fogn IL tenkt litt “utafor boksen”, og vil gi pengane til eit prosjekt som strengt tatt ikkje er idrettslaget sitt ansvar, men som vil kome fellesskapet på Fogn og besøkande til gode!

Sjå videoen under for å finne ut kva pengane skal gå til, og gjer deg klar til å bli med og støtta basaren!

Besøk Naustet på "Kortreist"!

“Kortreist” er en lokalmattdag som arrangeres to ganger i året, i regi av Gladmatfestivalen. Lørdag 29. mars 2025 ønsker lokalmatprodusenter og gårdsutsalg i Rogaland velkommen til handel, smaksfest, og opplevelser - også på Fogn!

Oddbjørg og Ole ønsker velkommen til Naustet på kaien fra kl. 10.00-16.00 denne dagen, og på Kortreists egne sider kan vi lese at:

Naustet på Fogn er et nydelig sted, som både leies ut og som er base for opplevelser.

De er med på Kortreist for første gang, og på den store lokalmatdagen vil de servere verdens beste tomatsuppe laget på tomater som er dyrka på øya. I tillegg baker de grove brød som etter hvert har blitt svært populære. Utover det kan vi friste med sprø håndverksrundstykker etter dansk oppskrift, knekkebrød laget på eplemesk og nydelig appelsinmarmelade.

I tillegg vil Søravåg gartneri på Fogn være på plass med årets første tomater. Halsnøy Safteri, som for øvrig er «hoffleverandør» til Stavanger sitt 900-årsjubileum, kommer også. Videre har vi en makronentusiast på øya som stiller med sine nydelige makroner. Så fremt våre lokale fiskerne ikke er på Lofotfiske, har vi fått løfte om salg av fersk fangst direkte fra brygga. Dette blir en stor oppelvelse! Åpningstiden er fra kl. 10 – 16.

Det anbefales også å benytte anledningen til å besøke Stavanger kommune sin dagsturhytte, Ørnareiret. Det tar en snau time å gå på merka sti fra Naustet, og det er selvsagt mulig å kjøpe med matpakke til turen.

Vi håper så mange som mulig tar turen til Naustet denne lørdagen, både de som er helt lokale fra Fogn, men også folk som velger å legge turen til Ryfylkes perle for dagen!

Les mer om Naustet, og følg med på hva som skjer på deres Facebookside!

Finnøy gjekk sigrande ut av krigen

A-laget til Finnøy har trent godt gjennom vinteren, og fått på plass eit trenarteam på 5 personar. Dei har spelt fleire treningskampar, og spissa formen inn mot cupkampen mot Fogn, søndag 9. mars.

For Fogn var dette årets første trening.

Legg til at opp mot 200 personar kom og såg kampen, og at grasmatta var “så som så” etter kun å ha blitt brukt til fyrverkerioppskyting sidan sist heimekamp i haust, så har du oppskrifta på eit skikkeleg lokalderby!

For å kompensera litt for manglande trening gjennom vinteren, prøvde Fogn seg på litt “mindgames” før kampstart. Josef Bø, Fognbuen som vanlegvis spelar i Ølen IL, tok på både drakt og shorts og vart med på oppvarminga. Dette var det mange som merka seg, og Finnøy sin hovudtrenar Erik Torger Flesjå Johansen var raskt oppe med telefonen for å sjekka om Josef faktisk skulle spela, og om det evt. var grunnlag for ein protest. Også fleire av tilskoderane frå Finnøy (som forøvrig var imponerande mange) kjenner til Josef, og blei lettare “fyrt opp” av tanken på at han, som speler på eit anna lag, såg ut til å skulle spela for Fogn. No kan det diskuterast om det var eit reelt behov for å fyra opp stemningen før ein slik krig, der det latente stemningsnivået i utgangspunktet er meir enn høgt nok, men løye, det var det!

I og med at Fogn ligg ein divisjon under Finnøy, fekk heimelaget eit straffespark før kampstart. Jakob Bø sendte keeper ein veg, og ballen ein annan. Diverre havna ikkje ballen i, men over mål, slik at stillinga var 0-0 då dagens dommar, Morgan Hobberstad frå Lye, blåste kampen i gong i det sjeldant fine vèret!

Begge lag virka til å vere “påskrudd” frå start, og både gav og tok i duellane. Finnøy kriga på seg kampens første gule kort etter berre 10 minutter, og dette var berre eit lite frampeik på det som skulle koma…

Etter at begge lag hadde hatt sine gode sjansar i løpet av den første knappe halvtimen, kom ein nokså omdiskutert situasjon. No har det seg slik at Fogn.org sin utsendte reportar var sendt heilt ut på banen som spelar for heimelaget. Difor kan han bli skulda for å vere noko partisk, og overlet difor til journalist Sigurd Johan Høgmo frå Stavanger Aftenblad å skildra situasjonen, reint objektivt. Han skreiv i avisa si:

“Da kampen nærmet seg halvtimen spilt, var Finnøy innenfor 16-meteren. Bortelagets Håkon Kavli gikk for en høy volley, men traff Fogns Jakob Bø i ansiktet. Laget fra 6. divisjon måtte klare seg med ti mann da Kavli fikk det røde kortet.”

No var ikkje Aftenbladet den einaste avisa som hadde sendt ein journalist til kampen. Øyposten var og tilstades, og her er korleis Silje Talgø Klakegg refererte nøyaktig same situasjon:

“Mot slutten av den første omgangen blei det direkte raudt kort til Håkon Kavli på Finnøy fordi Jakob Bø frå Fogn kom til å stupe med ansiktet rett i fotballskoen hans innanfor 16-meteren.”

Me kan ikkje gjere anna enn å slå fast at internasjonale trender som “fake news” og “alternative facts” no har tatt turen heilt inn til Ryfylke.

Sjølv om Finnøy vart reduserte til 10 mann, var det nok likevel dei som hadde det meste av spelet i resten av 1. omgang. Og til slutt gav det teljande resultat. Jonas Halsne, som spelte for Fogn i fjor, kom seg fram på venstresida, og fekk sendt i veg eit slags skot som finta ut Trond Egil Sivertsen i Fognmålet. Før ballen passerte streken var høgreback Håvard Sakseid frampå med panna, og sendte ballen i nettet, 1-0 til Finnøy!
(Så høyrer det med til historia at både tilskoderar og spelarar frå Finnøy reagerte sterkt på dei aller fleste avgjerslene til dommaren denne ettermiddagen. Men at det kunne sjå ut som om Sakseid var i offsideposisjon før han skåra Finnøy sitt første mål, det var det ingen som hadde noko imot)

Jubelscenene var uansett store, og så voldsomme at også innbyttarane til Finnøy sprang inn på banen og feira. Her kunne dommar, med regelboka i handa, gitt gult kort til samtlige innbyttarar, men han “viste nåde” og gav kun gult kort til trenar Flesjå Johansen.

Finnøy gjekk til pause med eit mål meir, og ein spelar mindre, enn Fogn, som i pausen slo fast at “denne kampen på ingen måte var kjørt”.

Men etter eit drøyt kvarter av andre omgang, såg det hakket meir kjørt ut. Finnøyspelar Espen Hebnes fekk litt for god tid til å sikte frå langt hald, og sette ballen i mål med eit langskot, slik at det no stod 2-0 til bortelaget.

Men berre 10 minutter seinare vart det spanande igjen. Etter eit frispark inn i feltet, med tilhøyrande ulovligheiter frå Finnøyforsvaret, peikte dommaren på straffemerket, og Fogn skulle få ein ny sjanse frå 11-meteren. Denne gongen var det Sondre Sandanger Sørheim som gjekk fram, også han sendte keeper ein veg, og ballen ein annan, denne gongen på rett side av stengene, 1-2 og elektrisk stemning på Fogn stadion!

Mot slutten av kampen sendte Fogn fleire spelarar i angrep, og Finnøy fekk mykje plass å kontra på. Ei slik kontring endte i eit frispark, som igjen endte i eit vakkert skot i krysset frå Finnøyback Morten Engebretsen, 1-3 og spikeren i kista.

Men dramatikken var ikkje heilt over likevel. Finnøytrenar Flesjå Johansen, som også er trenar for aldersbestemt lag, gløymte kanskje kvar han var ein liten augneblink, og prøvde å gjere eit bytte medan ballen enno var i spel. Dette fekk den observante dommaren frå Lye med seg, og kunne ikkje gjere anna enn å gi Flesjå Johansen sitt andre gule kort for dagen, og han vart difor vist vekk frå plassen sin på sidelinja. For ordens skuld let vi også Øyposten sin obektive journalist si skildring frå 2. omgang generelt, og denne situasjonen spesielt, få spalteplass hjå oss:

“I andre omgang var motstanden mot Finnøy mest frå dommaren. Dei gule korta kom i hytt og pine, og så fekk Finnøy sin trenar Erik Torger Flesjå-Johansen raudt kort for å be om å gjere eit bytte for Finnøy.”

Men sjølv med både ein spelar og ein trenar mindre, klarte Finnøy å ro i land sigeren og avansementet til 2. runde i Rogalandscupen, der dei har fått heimekamp mot 4. divisjonslaget Riska! Fogn.org kan ikkje anna enn å gratulera, og ynskja lukke til, og lar den utviste finnøytrenaren sin kommentar til Stavanger Aftenblad stå att, også som vår oppsummering av kampen:

“Finnøy er et bedre lag enn Fogn, men de ga oss god motstand og det ble en veldig gøy kamp”