Klart for fyrverkeri av ein kamp?

Førre gong fotballbanen på Fogn var i bruk, handla alt om fyrverkeri og overgangen til det nye året i januar. Difor måtte det gjennomførast dugnad med å plukke fyrverkerirester, laurdag 8. mars, dagen før rekordtidleg sesongstart for Fogn IL sitt A-lag i fotball!

Søndag 9. mars kl. 14.45 står nemleg nabo og rival Finnøy på motsett banehalvdel, i første runde av Rogalandscupen! Sjølv om Finnøy speler ein divisjon over Fogn, og, i motsetning til dei mørkeblå, faktisk trener fotball, er ikkje resultatet gitt på førehand! Då laga møttest på Fogn i 2018, vann nemleg Fogn etter ein dramatisk straffekonk!

Vermeldingane ser gode ut, så ein forventer mange tilskodarar og god stemning! I tillegg til det Fogn IL reklamerer med under, blir det varme grillar, så dei som ynskjer kan ta søndagsmiddagen med seg og grilla medan dei ser fotball av varierande kvalitet på ei vinterleg og våt grasmatte!

Innkalling til årsmøte i Fogn IL

Innkalling til årsmøte i Fogn idrettslag fredag 21.mars kl 1800 i foajeen på Fogn oppvekstsenter
Pizzaservering.

Saker:

  • Valg - kandidatar blir spurt på førehand.

  • Årsmelding for 2024

  • Rekneskap for 2024

  • Ferdigstilling av turstien ned til kaien- kva kan idrettslaget bidra med?

  • Ymse

Vel møtt!

NB! Saker må meldast til leiar Rasmus Bø tlf: 934 45 944 seinast 2 veker før årsmøte.

Endringar i hurtigbåtrutene frå og med 3. mars

Kolumbus melder på sine nettsider om komande endringar i hurtigbåtrutene på kveldstid, gjeldande frå og med måndag 3. mars. Dei skriv på sine nettsider:

“Avgangen klokken 20:00 starter 30 minutter tidligere fra Stavanger mandag til lørdag. Ny avgangstid blir klokken 19:30. Neste tur fra Stavanger flyttes fra klokken 22:50 til 22:30 mandag til torsdag, slik at det blir bedre overgangstid til ferje på Judaberg.

På formiddagen snus runden mellom øyene slik at det går båt går til Sjernarøyane før Ombo og Halsnøy. Det var slik den gikk før nyttår, og vi unngår at både hurtigbåt og ferje er på Helgøy samtidig.”

Sjå kva utslag dette gjer på dei nye rutene her.

Klart for årsmøte i Grendalaget

Bilete frå eit tidlegare folkemøte i fogn grendalag

Onsdag 19.03 klokka 19.15 vert det årsmøte i Fogn grendalag på Fogn oppvekstsenter.

Saker;
- Årsmøtesaker
- Val av styre
- Reiselivs- og næringsutvikling, prosjektet «Oppdag Øyriket»
”Korleis kan me saman utvikle Øyriket til glede for innbyggarar, næringsliv og besøkande? “v/prosjektleiar Jan Grimstad
- Høgspentliner må være i jorda. v/ Erik Astad frå aksjonsgruppa.
-
Ymse
- Kaffi
- Utlodning til inntekt for Grendalaget/ trappa frå ferjestøa til skulen.

Me er takksama for gevinstar.

Fogn grendalag
Wictor Juul (Leiar)

Matan opnar dørene på laurdag!

Fognbuen Matan Shapiro har dei siste månadane pussa opp dei gamle lokala til Steinnes VVS og “Det gule hus” på Judaberg. No er han så ferdig at han kan opna dørene og tilby kundar virtuelle opplevingar med topp moderne utstyr! Både enkeltpersonar og grupper kan booke tid nettsida til Subversity, som er namnet Matan har gitt nyvinninga!

På laurdag 22. februar inviterer Matan alle som vil til å kome innom frå klokka 11.00 og utover! Subversity deler dette på instagramkontoen sin (som du heilt sikkert er invitert til å fylgja):

Hold av datoen - Vandremiddag 2025!

Denne gjengen var samla til forrett hjå Else Marie og Lars Magne Grødem på vandremiddagen i 2024!

Konseptet “Vandremiddag” har blitt gjennomført på Fogn i både 2023 og 2024. Begge åra har deltakarane fortalt om at dette vart ein kveld “heilt utanom det vanlege” og gitt tilbakemeldingar som:

  • Det var kjekt å kjenna på spenning rundt kven vi skulle besøke!

  • Eg hadde det veldig kjekt, i lag med folk eg elles ikkje pleier å vere med på laurdagskvelden!

  • Eg var på ein måte “høg” heile kvelden!

Sjølv om det er langt fram i tid, er datoen for vandremiddag 2025 no sett. Denne blir laurdag 18. oktober, truleg frå klokka 18.45 (når første sms om oppmøte til forrett blir sendt ut).

Informasjon om opplegg og påmelding kjem seinare, men i første omgang anbefaler vi alle som er interesserte i å bli med, til å holde av datoen!