Inviterer til årsmøte med fokus på fysisk aktivitet!

Årsmøtet i Helselaget blir som vanleg på Oppvekstsenteret, torsdag 13.mars klokka 1800.

Viss det er nokon som har saker dei ønskjer å ta opp på årsmøtet, må styret ha dei seinast ei veke før årsmøtet. Send til ommaaland@gmail.com eller mobil 941 29 233

Årsmøte

1.       Godkjenning av årsrapport og rekneskap

2.       Val av nye styremedlemmer
(Alle som har betalt medlemskontingent kan stemma og veljast til verv. )

Me får besøk av professor i idrettsvitenskap ved UiS, Sindre Mikael Dyrstad. Han skal snakka om Helsefremjande livsstil gjennom fysisk aktivitet, og kvifor det er så viktig for kropp og sjel.

Elles blir det servering av varm mat, og kaffi og kaker til dessert.

Som vanleg trekker me tre heldige vinnarar i turbøkene.

Det blir også utlodding, så ta gjerne med ein liten ting, det ville vore fint.

Hjarteleg velkommen
Helsing styret.

Dugnad på og ved den nye steintrappa

Dugnadsdeltakarar frå førre dugnad, laurdag 7. februar

Fleire laurdagar det siste året har det blitt lagt ned ein solid innsats med å lage “sherpatrapp” frå kaien og opp snarvegen mot skulen. Stein etter stein har blitt frakta til stien og lagt fint til rette, slik at trappa no består av over 90 trinn! Ein milepæl blir nådd komande laurdag, når trappa kjem heilt opp til der stien traseen flater ut, og deler seg (ved skiltet til Ørnareiret).

Jakob bø tek trappetrinna i eigne hender!

Dugnadsgeneral og primus motor Jakob Bø inviterer difor alle som ynskjer å bli med til dugnad på og ved trappa frå klokka 14.00 og utover. Alle kan bidra, og dei som kan blir oppfordra til å ha med greinsakser og liknande reiskaper til å klippa og rydda langs trappa. Det ligg alt eindel tørr kvist på eit bål ved stien, og dette blir tent på, på laurdag. Dei som ynskjer kan ta med pølser som kan spiddast på bålet.

For at området langs trappa skal bli enno finare, vert folk oppfordra til å plante ein staude e.l. langs trappene utover våren og sommaren.

Men først: Velkommen til dugnad på laurdag kl. 14.00! Parker gjerne på skulen, og gå ned til trappa derfrå.

Pater Pollestad kjem til Fogn

Kjell Arild Pollestad, best kjent som Pater Pollestad, kjem til Fogn for å ha foredrag i kyrkja torsdag 13. februar kl. 15.30. Tittel for foredraget er “Mitt sivilt levde liv”. Song av Børge Tjessem. Kaffi og kaker etterpå.

Arrangementet er ope for alle, og ein treng ikkje melda seg på førehand. MEN dersom ein ynskjer å kjøpe middag i kyrkjellaren i forkant, kl. 14.15, må ein ta kontakt med Svein (932 37 729) eller Heidi (470 10 909) for bestilling.

Berre ei gruppe på guttelaget i vår

Annakvar måndag er det Hobby og Tru i kyrkja for born opp til og med 1. klasse. Jentene frå 2. klasse og oppover samlast i heimane til leiarane, medan gutane frå 2. klasse og oppover har vore delt i 2, der dei yngste har vore på bedehuset, og dei eldste på skulen.

Denne våren vert alle gutane samla i ei gruppe, med oppmøte på bedehuset. I utgangspunktet er dette kun ei midlertidig ordning, begrensa til denne våren, grunna kollisjon med nokre fotballtreningar på Finnøy, og truleg litt mindre oppmøte på guttelaget.

Neste samling for både Hobby og Tru, Jentelaget og Guttelaget, er måndag 3. februar kl. 17.30, og deretter annakvar veke framover.

Nye hurtigbåt- og bussruter i det nye året

Mange på Fogn nyttar seg av hurtigtilbodet for å koma seg til og frå øya. Frå og med 1. januar 2025 vart det fleire endringar i hurtigbåtrutene, som ein bør gjera seg kjent med. Sjølve rutene kan ein sjå her, eller så kan ein nytta Kolumbus sin reiseplanleggar, som også er oppdatert med nye ruter.

NB! Nye hurtigbåtruter fører også til endringar i busstilbodet på Fogn om morgonane. Sjå oppdaterte ruter på Rørheims Bilruter sine nettsider.

Vil du vere med og hjelpe?

Mange finn kvart år vegen til dagsturhytta Ørnareiret på Fogn! Det er ingen grunn til å tru at det vert færre besøkande i 2025 - Friluftslivets år!

Alle har eit felles ansvar for å halde hytta rein og ryddig, men nokon har også sagt seg villige til å ha eit ekstra “vaktmeisteransvar”. Alle vekene i året blir fordelt på dei som er med på dette, slik at ein har ansvar for tilsyn/reinhald 2-3 veker i året, noko som i praksis betyr:

Følgende skal gjøres ukentlig:
- Holde hytta og toalett med omkringliggende areal ryddig
- Kontrollere og holde oppsyn med solcelleinstallasjoner, aggregat og vedovn
- Tilsyn med informasjonsplakater til brukerne av hytta, samt evt. forbudsskilt
- Se til og holde orden i biblioteket i hytta
- Vask av toalett
- Fylle på toalettpapir og sanitærbank
- Se over hytta og toalettet, og evt. installasjoner, ute og inne, og rapportere inn feil og mangler
- Se til hyttebok

Ansvarslista skal oppdaterast tidleg i 2025, og om nokon vil bli med (evt. melde seg av) og ha dette ansvaret, må dei gi beskjed til Håvard Østhus (melding til 93445913 eller på messenger) innan søndag 26. januar.