Siste sjans til å bidra i spleisen!

Trond Egil Sivertsen byrjar å bli beinklar for å kjøpa inn fyrverkeri til dei to felles oppskytingane på Fogn stadion nyttårsaftan! Spleisen der han har samla inn pengar til flotte rakettar har til no fått inn 16 600 kroner, altså 66% av målet på 25 000 kroner.

Trond Egil melder om at vèrmeldingane i år ser betre ut enn kva tilfellet har vore dei siste åra, og minner om at å feire nyttår i lag på denne måten skaper gode minner! Difor oppfordrar han til å bli med og støtta spleisen, og å gjera det fort, for no skal han snart til byen og handla inn! Også i år blir det oppskyting både kl. 19.00 og ved midnatt, begge gonger frå fotballbanen ved Fogn oppvekstsenter.

Klikk her for å sjå korleis det går med spleisen, og støtta denne!

Det skjer på Fogn i jula!

Søndag 22. desember kl. 11.00 på bedehuset
Søndagsmøte med tale av Jon Olav Østhus
”Kyrkjekaffi” i kjellaren etterpå

Lille julaften kl. 23.00 i kyrkjekjellaren
Midnattsamling i kyrkjekjellaren for ungdomar frå 8. klasse og oppover.
Høgtlesing av juleevangeliet.
Twist, kaffi, klementiner og god stemning!

Julaften kl. 15.00 i Fogn kyrkje
Gudsteneste ved Ola Aasland Vold
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp

Første juledag kl. 12.00 på bedehuset
Høgtidsmøte med tale av Christoffer Inge Hovda
Kollekt til Ebenezer Operation Exodus

Andre juledag kl. 12.00 i kyrkja
Gudsteneste ved Terje Engstrøm
Sang ved Kjell Emil Berge
Nattverd
Takkoffer til Misjonsprosjektet

Tredje juledag kl. 17.00 på bedehuset
Søndagsskulen sin juletrefest
Andakt ved Marita Vold, i tillegg til song, mat, juletregang, klementiner og godteposar.
Gratis entrè

Lørdag 28. desember kl. 18.00 på skulen
Fogn IL arrangerer romjulscup i volleyball i gymsalen.
Blanda lag med minimum to menn/damer på kvart lag. Påmelding av lag frå 8. klasse og oppover til Jørgen Bø 471 72 804 på eller til Heidi Bøe Sangedal på 470 10 909.
Viss du ikkje har lag, kan du melde deg på enkeltvis.

Nyttårsaften kl. 19.00 og 24.00 på fotballbanen
Felles fyrverkeri ved primus motor Trond Egil Sivertsen.
Bli gjerne med og støtt spleisen til fyrverkeriet her!

Onsdag 1. januar kl. 14.00 på dagsturhytta
Fogn IL serverer gløgg på Ørnakula, ved dagsturhytta. Dette er “den nye vrien” på romjulsmarsjen, der folk kan ta den ruta opp til toppen som passar best for dei, og så samlast alle til gløgg ved dagsturhytta!

NB! I og med at Joker Fogn har blitt delvis sjølvbetent i løpet av det siste året, har ein tilgang til å kjøpa varer i butikken frå kl. 07.00-23.00 kvar dag gjennom heile jula!

Spleis på felles fyrverkeri!

Også i år drar Trond Egil Sivertsen og hans gode medhjelparar i gang felles fyrverkeri ved Fogn oppvekstsenter, med to oppskytingar på nyttårsafta!

Det er ikkje få som har fått med seg desse showa dei siste åra, og kvar gong er det mykje godlyd i etterkant! Med eit spesialtilpassa “familieshow” kl. 19.00 får også dei yngre barna med seg flott fyrverkeri, før den store finalen går av stabelen ved midnatt!

Skal det bli bra fyrverkeri, trengst det pengar til innkjøp, og her kan alle som vil vere med og bidra! Berre klikk her, og støtt spleisen!

NB! Det er mogeleg å vinna premiar, både gjennom å støtta spleisen, og ved å svara på Trond Egil sin julekalender på Facebook!