Over 100 personar gjekk på tur!

Godt over 100 personar deltok på årets 4- og 7-toppstur på Fogn, den tolvte i rekka! 50 personar gjekk 7 toppar, og 57 personar gjekk for den noko kortare varianten over 4 flotte “fjell” på Fogn. Det var også kjekt å sjå at fleire tilreisande la søndagsturen til Fogn denne dagen, og det var mange blide og fornøyde fjes å sjå, både blant store og små!

Det hadde regna eindel i forkant, og så det var nokre våte og glatte parti i løypa. Men under sjølve turen var det oppholdsvèr til alle kom i mål.

Også i år vart det trukke ut eit gåvekort til ein av turdeltakarane, og vinnaren av dette vart Anne Sunde.

Fogn IL ynskjer å takke sponsorane Windoornet, Joker Fogn, Kiwi Finnøy og Ryfylke Tomat som bidreg med noko godt til store og små på turen!

Bileta i serien under er knipsa av ulike representantar frå familien Sandanger Iversen, som også i år gjorde ein kjempejobb med organisering og gjennomføring av turen!

Info om 4- og 7-toppstur

Også i år arrangerer Fogn IL 4- og 7-toppstur på Fogn, og denne gongen er turane lagt til søndag 1. oktober. Ein treng ikkje å melde seg på, og kan berre møte rett opp ved start.

Litt informasjon om turane:

Start 7-toppsturen: I Auglendsdalen (Hovda) kl.12.00

Start 4-toppsturen: Frå skulen kl. 12.30

Turen går frå Hovda til fylgjande sju toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakula og Varhaug. 4-toppsturen går over dei fire siste toppane i 7-toppsturløypa. Målgong er ved Kyrkja .

Det vert delt ut ein liten overrasking på fleire av toppane. Turen går i flott kulturlandskap og utsikten frå toppane gjev fantastisk utsyn over heile Ryfylke.

Spørsmål om turen kan rettast til Helge M Iversen, mobilnr 41085524.

Opnar språkcafè på Fogn!

Språkcafè er ei uformell samling for alle som ikkje har norsk som morsmål- i møte med norske. Det er enkelt program, vi snakkar saman og det blir servert kaffi/te og noko å bite i. Det vil vere frivillige som driv cafeen, og det vil vere mogleg å spele brettspel, lese lettleste aviser eller bøker og snakke om dei tema ein vil. På cafeen treng vi både dei som har norsk som morsmål og dei som ønsker å bli tryggare i norsk. Innhaldet må bli til undervegs- når vi ser kven som vil delta og kva interesser dei har. Vi har mange ressursar i lokalsamfunnet vårt, men det er ikkje alltid vi veit om kvarandre.

Ragnhild Valand, leiar i frivilligsentralen, har fått innspel om at det er interesse for å starte opp med språkcafe på Fogn. Frivilligsentralen og kyrkja tok kontakt med Helselaget på Fogn, som straks var interessert i å samarbeide. Ei ressursgruppe med frivillige er i gang, og det første treffet for publikum blir torsdag 28.september 18.30 i kyrkjekjellaren. Språkcafeen er planlagt å ha ope annakvar torsdag frå 18-20 vidare framover, det er ingen påmelding, ein kan komme når det passar. Har du spørsmål om språkcafè eller kan tenke deg å vere frivillig? Ta kontakt med leiar i frivilligsentralen ragnhild.valand@stavanger.kommune.no

Svein Ellingsen prosjektet

Vinteren 2023-24 lar me salmar og tekstar av Svein Ellingsen få plass hos oss. Han er den salmediktaren som har flest salmar i Norsk salmebok (2013). Det er noko med tekstane hans som rører ved folk, og som gir oss grunn til å vere nysgjerrige på det han har skapt. Han var over 90 år då han døydde i 2020.

Det blir korøvingar både på Fogn og Talgje, med same repertoar. Talgje startar med øvingar etter haustferien, og det er Silje Aandstad som øver med koret der og Eilef Gard er kontaktperson (tlf 95152676). Korøvingane på Fogn starta 13. september, og er lagt til annankvar onsdag (oddetalsvekene) kl.1930-2100 i kyrkja. Ta kontakt med Dag Sæbøvåg (tlf 90737071) om du lurer på noko eller vil vere med.

Øvingane vil ende opp med ein kveld med korsong, allsong og presentasjon av Svein Ellingsen og tekstane hans onsdag 6. mars i Fogn kyrkje. Det vil vise seg om det blir oppføringar også andre stader våren 2024.

Arrangør: Ansvarskomiteen i Fogn kyrkje

Bilete frå Fognaløp og meisterskap

Sjølv om vèret kunne vore betre, vart det god deltaking på Fognaløp og Fognameisterskapet, som gjekk av stabelen søndag 3. september i år.

Fogn.org har ikkje fått tak i alle resultata frå Fognaløpet, men Kristian Sandanger Iversen, som vann løpet rundt Fogn i herreklassen, sprang på tida 37.22, noko som er den sterkaste vinnartida på fleire år! Kristel Borgemyr vann dameklassen på den lange distansen, etter ein jevn kamp mot Tanja Sandanger Giske!

Anna Sandanger Iversen og Torjus Spanne vann 5 kilometeren i dei to klassane, medan også 2. klassingen Andreas Borgemyr imponerte stort med å springa denne distansen på rundt 25 minutter!

Etterpå var det klart for 60-meter, lengdehopp og kast med liten ball for alle born og unge, og her fekk alle medalje for god innsats!

Bileta under er knipsa av Jørgen Bø og Håvard Østhus