Bryt ny milepæl!

For nokre år sidan overtok Jakob Bø rekorden for flest spelte seriekampar for Fogn IL sitt A-lag i fotball, då han runda 330 kampar og passerte Sigve Bø på toppen av lista. Då skulle ein gjerne tru at Jakob, som trass alt er nærare 50 enn 40 år, byrja å trappa ned fotballen, men det har på ingen måte vore tilfelle…

I dag, fredag 1. september, speler han nemleg sin seriekamp nummer 400, då dei mørkeblå møter Fiskå 2 til heimekamp på Fogn stadion! Sjølve kampen startar kl. 18.45, men det vil bli ei lita markering av den nye rekorden før kampstart, så møt gjerne opp i god tid!

Under er ei helsing frå to karar som har tatt seg tid til å gratulera Jakob i ein elles hektisk kvardag i Eliteserien sin gullstrid. Høyr kva Bjarte Lunde Aarsheim (trenar) og Erik Nevland (sportssjef) har å seie her:

Informasjon om valdagen (og stengt gymsal i forkant..)

Fogn oppvekstsenter informerer:

Måndag 11. september er det valdag i Noreg. På Fogn er vallokalet oppvekstsenteret, i gymsalen (politisk val) og på kunst og håndverksrommet (kyrkjevalet).

Denne dagen er det også skuletilbod til kl. 14:00 og SFO-tilbod til kl. 16:30. Elevane her bruker uteområdet til leik og aktivitetar i heile opningstida. Vi ber derfor om at de ikkje kjører inn på skuleområdet og parkerer utanfor bygget når de skal stemme. Bruk parkeringsplass ved butikken eller utanfor Fognagården.

Dersom du har behov for å køyre heilt til døra, ber vi deg ta kontakt på førehand, slik at vi kan sette i verk tiltak for å trygge elevar og barn som leiker på uteområdet.

NB! Kommunen kjem for å rigge til i gymsalen torsdag 7. september etter kl. 12. Dette betyr at gymsalen er stengt for bruk frå kl. 12 torsdag til og med måndag 11. september.

Snart tid for Fognameisterskap (og Fognaløp) igjen!

Flott hopp frå meisterskapet i 2022!

På søndag 3. september er det berre å finne fram sportslege klede og stille opp, då Fogn IL inviterer til Fognaløp og Fognameisterskap igjen!

Kl. 13.00 blir det Fognaløp der ein kan velgje mellom distansane 5 eller 10 km. Alle kan delta, det er ikkje sett nokon form for makstid for å fullføra!

Kl. 15.00 er det klart for Fognameisterskap, der borna får både hoppa lengde, springa 60 meter og kasta liten ball. Alle som deltek får premie!

Velkommen!

Gratis buss - også på Fogn!

Det er truleg mange som vil nytte seg av gratis busstilbod framover:)

Etter at kollektivtrafikk vart gratis for innbyggarar i Stavanger kommune frå og med 3. juli, vart også busstilbodet på Fogn gratis å bruke. Reint praktisk fungerer dette slik at ein berre møter opp og tek bussen til oppsett tid, så registrerer bussjåføren turen som ein gratistur i sine systemer.

Under er ei oversikt over bussrutene som gjeld på Fogn. NB! Bussen går kun på kvardagar, og som de ser under er dei fleste rutene kun operative på skuledagar: