Snart klart for Fognamarsj igjen!

Det stundar mot Fognamarsj. Sundag 20. august går marsjen av stabelen for 35. gong, med start mellom klokka 15.00 og 16.00 frå Fogn Oppvekstsenter.

I fjor var det rekordlåg deltaking med berre 25 som gjennomførte marsjen, og “marsjgeneral” Ottar Sandanger håper på langt fleire til 35-årsmarkeringa.

Om ein tek ein avstikkar til Ørnareiret blir det godkjent, berre ein går den ordinære løypa rundt øya.

Startkontingent er 100 kr per deltakar, maks 300 kr per familie.

Her kan du sjå kor mange gonger både du og alle andre har gått marsjen tidlegare.

Endring i båtrutene frå og med måndag 14. august

Foto: Rune nedrebø

Kolumbus melder om at dei gjer små endringar i rutetilbodet for ferjer og hurtigbåtar i Ryfylkebassenget. Slik det ser ut no vil det bli små endringar for oss på Fogn, men det er verdt å merke seg at ferja som på kvardagar før gjekk klokka 09.50 frå Judaberg til Fogn, no vil gå fem minutter tidlegare, altså klokka 09.45. Turen frå Fogn til Judbaberg vil då gå klokka 10.00, mot klokka 10.05 i dag. Neste ferje både til og frå Fogn går også 5 minutter tidlegare, nemleg 11.50 til Fogn og 12.05 frå Fogn.

Elles har det også kome reaksjonar på at ferja som går frå Judaberg klokka 22.50 på søndagane, no vil gå klokka 23.15. Dette passar dårleg for dei frå Fogn som har vore på kveldsvakt innan helse- og omsorgstilbodet på Finnøy. Kommunikasjonsgruppa i Fogn grendalag er på denne saka.

Det sikraste, for å ikkje ta feil av rutene framover, er å nytte Kolumbus sin ruteplanleggar, som til ei kvar tid skal vere oppdatert med dei rette båtrutene.

Utegudsteneste på Byre til helga

Dei to siste somrane har det blitt arrangert utegudsteneste på Byre, med over 100 frammøtte begge gongane. Utegudsteneste vert det også i år, nærare bestemt på søndag 30. juli. Sjå plakaten under for informasjon.

Ang.reising til Byre på søndag med offentleg transport så er det beste alternativet hurtigbåt frå Fogn 0940 som er på Byre1105 og retur med hurtigbåt 1505 eller ferje 1520 som korresponderer med båt/ferje til Fogn. Evt kan ein ta ferja frå Fogn 0940 og vente på Finnøy til Ryfylkeferja 1140 Privatbåtar kan legge til i Djupevik.

Ikkje bål, men feiring blir det!

Grunna lite nedbør og mykje sol dei siste vekene, er det så tørt rundt oss at sjølv eindel regn fram mot 23. juni truleg ikkje vil hjelpa - St. Hans-feiringa blir utan bål i år.

Men Fogn IL og Fogn Kr. ungdomslag arrangerer likevel ei samling for alle som ynskjer å bli med, og dei inviterer folk til Fogn oppvekstsenter frå klokka 18.00 og utover. På programmet står:

  • Andakt ved Marius Aano Svellingen

  • Varm grill (blir ståande midt på asfalten i skulegarden) der folk kan grilla det dei har med seg.

  • Kiosksal

  • Ulike aktiviteter

Alle er hjarteleg velkomne!